Får  8,1 millionar kroner til gode studenttiltak

Koronapandemien har vore krevjande for mange studentar. No får HVL friske midlar frå Regjeringa til å styrka studentane sin studiesituasjon - mellom anna til ei såkalla studentassistentordning.

Det var i slutten av januar at Stortinget vedtok ei milliardkrisepakke til studentane. Av desse midlane får fagskulane, høgskulane og universiteta i desse dagar til saman 124 millionar kroner. Midlane skal gå til såkalla faglege studenttiltak, og då i hovudsak til å lønna studentassistentar. Desse skal drive fagleg oppfølging og støtte andre studentar. Det er av denne pakka HVL no har fått tildelt 8,1 millionar kroner. 

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (Høgre), seier at ho er svært glad for at det no kjem midler på plass for å betre studentane sine faglege og sosiale vilkår. Å sitje aleine på studenthyblen var på ingen måte det ein såg for seg då ein starta på studiet, og mange har hatt det ganske tøft.

– Dette blir eit godt bidrag til å utvide det gode arbeidet HVL har sett i gong for å ta vare på studentane si helse og faglege kunnskap.

Thomas Mikkelsen, fagansvarleg for læringsmiljø og læringsstøtte i avdeling for utdanningskvalitet i HVL, var på plass på campus Stord ved tildelinga av pengane.  
Han fortel at pengane kjem godt med. 

– Me veit at mange studentar har det krevjande. Det å få midlar til at studentar kan hjelpa studentar i studieløpet er bra. 
 
Mikkelsen seier at HVL har hatt trivsel og læringsmiljø på agendaen over lang tid. 
 
– Me samarbeider godt med studentane og studentsamskipnaden. Dei legg opp til mange fine tilbod kring den sosiale biten. Det er viktig å sjå dette i samanheng. Det gir best effekt og tek i vare det heilskaplege læringsmiljøet. 
 
Mikkelsen leiar og ei ny arbeidsgruppe i HVL som skal foreslå nye og forsterka tiltak for å sikre at studentane har eit godt studiemiljø med tilhøyra og trivsel ved alle campus - no i pandemien. Arbeidsgruppa skal legge fram sine forslag om to veker.