Universitetssøknaden levert til NOKUT

Torsdag 20. juni leverte styreleiar Arvid Hallén og rektor Gunnar Yttri i Høgskulen på Vestlandet søknaden om å bli akkreditert som nytt universitet.

Styreleiar Hallén rapporterer om eit konstruktivt møte på morgonkvisten med direktør Kristin Vinje i akkrediteringsorganet NOKUT i Oslo.

– Me presenterte søknaden og fekk lagt fram forventningane våre om sakshandsamingstid og framdrift i arbeidet, seier Hallén.

– Me fekk òg  presisert at me ser vår søknad i utgangspunktet inn i mot dei gjeldande akkrediteringskrava. Så ser me at Kunnskapsdepartementet har i gang eit arbeid kor ein føreslår endra krav for universitetsakkreditering. Det er med oss i arbeidet, legg han til.

Her kan du lese søknaden.