– Utsynsmeldinga fordrar eit sterkt profesjons- og arbeidslivsretta universitet på Vestlandet

– Utsynsmeldinga ber bod om at vi må ta eigne og sjølvstendige grep for å utvikle oss vidare. Men meldinga dokumenterer også at Høgskulen på Vestlandet har utdanningar og forsking av høg samfunnsrelevans ikkje berre i dag, men også i tida som kjem, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

– Utsynsmeldinga stadfestar at Noreg står framfor demografiske endringar og kompetansebehov. Det fordrar som sagt eit sterkt profesjons- og arbeidslivsretta universitet på Vestlandet, eit universitet med fleire campus og sterke fagmiljø med stort geografisk nedslag og høg sosial nyttefunksjon, seier Yttri.

Han legg til:

– Det ligg openberre utfordringar i dette. Ei tydeleg økonomisk satsing på fleircampus-institusjonar må kome på plass. Så må vi sjølve utvikle fagmiljø og kapasitet som gjer at vi kan tilpasse oss svingingar i studenttal.

– Dessutan må vi styrke arbeidet med å henta inn eksterne inntekter..

IT, helse og grøn omstilling

Eitt av dei klaraste signala frå Regjeringa i utsynsmeldinga er at universitet og høgskular sjølv må prioritere meir utdanningskraft og ressursar til studietilbod for IT, helse og grøn omstilling i åra som kjem - og det utan å få tilført så mykje meir pengar.

Det betyr omprioriteringar og omstilling på eigen kjøl for universitet og høgskular.

– Det handlar om å drive sunt, godt og klokt, seier Yttri.

Saknar signal til fleircampusinstitusjonane

Han meiner mykje av innhaldet har vore kjent og formulert gjennom tildelingsbrev og andre politiske signal over tid. Så sjølve bodskapen i meldinga kjem ikkje veldig overraskande.

– Det er ting her som er bra og så er det ting vi saknar. Eg stussar på at ein enno ikkje har klargjort ei tydelegare finansiering av fleircampusinstitusjonar.

HVL-rektoren påpeikar at vi må ha blikk på heile samfunnsoppdraget vårt.

– Denne politikken vi har sett komme over tid frå Regjeringa, rokkar ikkje på heilskapen som er utdanning, forsking og formidling. Akkurat det er viktig. Som eit nytt universitet på Vestlandet har vi eit samfunnsoppdrag som famnar vidt, seier han. 

Fleksibel utdanning løfta fram i finansieringssystemet

Statsråd Ola Borten Moe peikte under framlegginga på at utsynsmeldinga og dei nye grepa i finansieringssystemet forenklar tilhøva.

– Vi ser fram til å sjå nærare på dette og skal gjere vårt for at opplegget no styrkar utdanning, forsking og nyskaping. 

Yttri merkar seg at fleksibel utdanning vert løfta fram i det ordinære finansieringssystemet, og meir ansvar og finansiering skal knytast direkte til institusjonane.

– Det har HVL tatt til orde for i høyringar og innspelsrundar. Dette er ei løysing vi helsar velkommen. Livslang læring er eit felt der HVL har sterke tradisjonar og som vi vil dyrke vidare. Men her kunne Regjeringa vore djervare og kopla dette inn mot fleircampusstrukturen vår. Den er jo i seg sjølv eit godt reisverk for å drive med desentral og fleksibel utdanning, seier han. 

Rektor påpeikar at det er litt skuffande at dette ikkje ligg inne noko meir konkret.

– På hi sida er det lovande at ein gir klar opning for å ta dette inn i ordinære budsjetthandsamingar. Uansett et det ei sak me kjem til å arbeide mykje med vidare og då i lag med andre fleircampusinstitusjonar.