– Gøy å hjelpe andre ungdommar med å lære norsk

Eit nytt gratis læreverktøy gjer det lettare for minoritetsspråklege ungdomsskuleelevar å lære seg norsk. Nøkkelen: å inkludere ungdommane i prosessen.

Amina tenker på noe. Blir det fint på skolen? Får jeg nye venner på skolen? Er det mange elever på skolen? Er læreren slem? Nei, læreren er snill! Amina vil lære å lese.  

Slike små tekstar dannar grunnlaget for eit heilt nytt læringsverktøy som har fått namnet Vi leser!.

Dette er ein nasjonal læringsressurs utvikla gjennom eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Bergen kommune. Den byggjer på læreplan i grunnleggande norsk for språklege minoritetar, nivå 1, og gir eit godt grunnlag for vidare leseopplæring. 

Å lære eit nytt språk

– Å lære seg eit nytt språk er skummelt. Ein kan bli bekymra for om ein klarer å lære språket så fort som lærarane forventar, fortel Teodora.

Saman med vennene Amina og Kandes, har ho gitt sine innspel slik at møtet med det norske språket blir ei god oppleving. 

– Vi er stolte av å bidra til at andre ungdommar kan lære seg å lese norsk. Det som er så bra med «Vi leser!» er at vi har det gøy medan vi lærer, seier Kandes.


Florentino Bulnes frå Bergen kommune

Arabisk, somali og ukrainsk

Vi leser! gir begynneropplæring i norsk for nykomne minoritetsspråklege elevar som har arabisk eller somali som morsmål. Gjennom 26 modular blir elevane introdusert for bokstavar, ord og tekstar. I kvar modul er det øving som gir språkleg bevisstheit om setningar, ord og lydar i språket. 

Verktøyet har også ein engelsk variant der elevar kan førebu seg til engelskfaget i norsk skule. I tillegg til arabisk, somali og norsk, finst denne versjonen også på ukrainsk. 

Florentino Bulnes, seniorrådgjevar i Bergen kommune meiner programmet dekker ein viktig mangel:

– Vi har ikkje tilstrekkeleg med lærarar og heller ikkje lærebøker som har vore direkte sikta inn mot målgruppa. Ofte har ein måtte ty til språkopplæring som er berekna på born i barneskulealder, så det er veldig flott av vi no har dette verktøyet, seier han.


Sigrid Jordal Havre og Henning Klafstad frå Medielab ved HVL. Foto: Mari-Louise Uldbæk Stephan 

Å kjenne seg igjen i forteljingane

Henning Klafstad frå Medielab ved HVL, har vore med på å designe og utvikle programmet. Han er nøgd med både prosessen og det ferdige produktet. 

– I liknande arbeid vi har gjort tidlegare har vi ofte inkludert elevar i sluttfasen for å gjere små justeringar, men no har vi gjort dette frå starten. Deira perspektiv gir viktige innsikter. Målet har heile vegen vore at ungdommane skal kjenne seg igjen i forteljingane, i miljøet og i figurane dei møter, seier han.

Byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen kommune, Linn Katrin Pilskog, er stolt av at Vi leser er utvikla i Bergen, men no kjem ungdommar over heile landet til gode. 

– Å gi menneske rom til å lære seg eit nytt språk, handlar dei om å gi ein inngangsbillett til samfunnet, seier ho.