Vi må utdanne helsepersonell der behova er størst
Talet på tilsette i helse- og omsorgstenesta kan ikkje auka nemneverdig i åra som kjem. Personell og ressursar må brukast meir effektivt. Utdanningane må retta kapasiteten der behova er størst, i distrikta og i kommunale helse- og omsorgstenester.
– Vi går ei krevjande tid i møte. Særleg i distrikta ser vi allereie at det er store utfordringar med å rekruttere og behalde kvalifiserte helsepersonell. Å endre kursen vil krevje omstilling, både av dei som jobbar i helse- og omsorgstenesta, av utdanningssektoren, politikarane og av befolkninga. Alle må forstå alvoret i situasjonen vi er i. Tida for handling er no, seier Anne- Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.
– Samtidig er eg optimist for framtida. Noreg har dei beste føresetnadene for å lykkast med ei omstilling, slik at vi og i framtida kan gi trygge og gode helse- og omsorgstenester til befolkninga i heile landet, seier ho.
Distrikta blir hardt råka
Vi har i lengre tid høyrt at vi blir fleire eldre og færre til å ta seg av dei. Mange kommunar og helseføretak står alt i ei bemanningskrise, særleg i distrikta.
7. desember 2021 satt regjeringa ned Helsepersonellkommisjonen. Dei skulle vurdere behova for helsepersonell og kompetanse i helse- og omsorgstenestene fram mot 2040, samt foreslå tiltak for å utdanne, rekruttere og behalde kvalifisert personell i heile landet.
Naustdal har representert universitets- og høgskulesektoren i utvalet og er einaste representant frå Vestlandet. Ho er sjølv utdanna sjukepleiar.
- Vestlandet blir hardt råka. På Vestlandet er det mange små kommunar. Sjølv om vi og ser tendensar til rekrutteringsutfordringar i sentrale strøk, så er utfordringane størst i distrikta. Høgskulen på Vestlandet er til stades på heile Vestlandet og blir svært viktig for å imøtekoma behova for helsepersonell og kompetanse i regionen i framtida, seier Naustdal.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ei av landets største sjukepleiarutdanningar, i tillegg utdannar HVL stundetar innafor sju andre helseprofesjonar.
Bilete: HVL utdannar stundetar innafor åtte helseprofesjonar. Her frå vernepleierutdanninga. Foto: Falkeblikk
Nye studieplassar til distrikta
I dag jobbar 400.000 personar i helse- og omsorgssektoren. Ingen andre større sektorar har auka sysselsettinga meir dei siste tiåra. For fyrste gong vil ikkje den samla arbeidsstokken i Noreg lenger auke. Denne utviklinga kan derfor ikkje halde fram, utan at det går utover tilgangen på arbeidskraft til andre høgt prioriterte samfunnsutfordingar, som klima og miljø, fornybar energi og forsvar.
Helsepersonellkommisjonen anbefaler derfor at samla helse- og omsorgspersonell ikkje skal auke vesentleg utover dagens nivå. Behovet for å avgrensa veksten av tilsette i helse- og omsorgstenestene inneberer derfor at auka utdanningskapasitet innan helse- og omsorgsutdanningar ikkje løyser bemanningsutfordringane.
- Vi kan ikkje bemanna oss ut av utfordringane, men samtidig er utdanning ein viktig del av løysinga. Vi må utdanna fleire og rette kapasiteten i utdanningane inn mot der behova er størst. I utvalet foreslår vi derfor at nye studieplassar skal gå til rekrutteringssvake områder for den aktuelle profesjonen, og i hovudsak til distrikta. Vi foreslår og at veksten skal koma i kommunale helse- og omsorgstenester, ikkje i sjukehusa. Det er naudsynt for å klare å handtere det aukande talet på eldre, seier Naustdal.
Utvalet anbefaler at Noreg er sjølvforsynt med helsepersonell til å dekka kompetansebehova i tenestene. Koronapandemien har vist kor sårbart det er å vera avhengig av personell frå utlandet.
- Vi anbefaler at utdanningskapasitet for dei store helsepersonellgruppene tilsvarande minst 80 prosent av anslått behov i helse- og omsorgstenestene, seier Naustdal.
Desentraliserte tilbod
Mange unge flyttar i dag frå distrikta for å ta utdanning. Det fører til at det blir enda færre som kan ta seg av dei eldre i utkantstrøk.
Fleksible og desentraliserte utdanningar blir derfor framheva i rapporten som eit tiltak for å motverke dette.
- Desentraliserte utdanningar kan føra til at fleire blir verande i distrikta og at det dermed blir enklare å rekruttere kvalifisert personell til små plasser. Her er HVL allereie godt i gang med fleire desentraliserte tilbod, blant anna desentralisert vernepleiarutdanning i Haugesund og Sogndal og desentralisert sjukepleiarutdanning i Førde, Haugesund og Bergen. Dette er noko vi vil jobba meir med i åra som kjem, seier Naustdal.
- Sjølv om ein har desentraliserer utdanningar, vil det framleis være behov for å ha ein tilknyting til campus og det er naudsynt at studentar er delar av tida på campus. Helseutdanningane krev ofte mykje utstyr og infrastruktur, og dette er det viktig å ta høgde for i utviklinga av desentraliserte tilbod, understrekar ho.
Bilete: HVL har fleire desentraliserte utdanningstilbod, blant anna desentralisert vernepleiarutdanning her ved campus Haugesund.
Etter- og vidareutdanning og behov for masterkompetanse
Eit anna tiltak som Helsepersonellkommisjonen løftar fram er å legga betre til rette for etter- og vidareutdanning.
- Å tilby fleire etter- og vidareutdanningar er noko vi jobbar for fullt med på HVL. Det er eit viktig tiltak for å auke kompetansen i tenestene. Vi foreslår og å utvikle ordningar for å kvalifisere dei som manglar mindre delar av sine formelle utdanningsløp, seier Naustdal.
Ho understrekar og behovet for meir masterkometanse i tenestene. Som følgje av Samhandlingsreforma som kom i 2012 har helse- og omsorgstenestene i kommunane fått ansvar for stadig sjukare pasientar.
Det er delt syn i kommisjonen på behovet for meir masterkompetanse. Ei masterutdanning tar lengre tid, men med den utviklinga vi ser med stadig meir spesialisering og avansert behandling og omsorg både i kommunane og sjukehus, meiner eg det er naudsynt, seier Naustdal.
- Utdanning heng og tett saman med forsking. For å få til endring, treng ein ny kunnskap. Denne må utviklast i tett samarbeid mellom utdanningssektoren og helse- og omsorgstenesta. HVL er tett på arbeidslivet og vi skal bidra til å løyse utfordringar og utvikle kvaliteten i tenestene. Det vil og gjera studentane betre i stand til å møta eit samfunn og arbeidsliv i omstilling og endring, seier ho.
Treng ei meir heilskapleg organisering
Samhandlingsreforma skulle betre samarbeidet mellom dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta. Ti år etter reforma ser vi framleis utfordringar med å sikre heilskap og meir samanheng i tenestene. Eit fleirtal i utvalet anbefaler å utgreie ei organisering av helsetenesta i eit nivå.
- Dette er eit tiltak eg har stor tru på. Med eit forvaltningsnivå, same budsjett og lovgiving, trur eg vi kan løysa opp i samarbeidsflokar, effektivisere bruken av personellet og få meir saumlause tenester for pasientane, seier Naustdal.
Ho trur og det vil styrke utdanningane og sikre gode praksisplassar der pasienten er i fokus.
- I dag er det utfordringar med å få nok praksisplassar, og også kor mykje trening studentane får i nokre fag. Dette gjeld for eksempel innan kirurgisk praksis på mindre sjukehus. Liggetida på sjukehus er kort. Eg trur det hadde vore ein fordel om studenten kunne følgt pasienten, frå sjukehuset og ut i kommunen. Det ville ivaretatt heilskapen, seier ho.
Mangel på praksis- og læreplassar bergensar kapasiteten i fleire helseutdanningar. Utvalet understrekar at det er behov for å heve kapasitet og kompetanse innan praksisrettleiing. I dag har ikkje kommunane plikt til å ta i mot studentar i praksis. Utvalet foreslår at kommunane får ei slik plikt, på same måte som helseføretaka har i dag.
Bilete: HVL har ein av landets største sjukepleiarutdanningar. Her er sjukepleiarstudentar ved campus Stord. Foto: Falkeblikk
Betre oppgåvedeling og tverrfagleg samarbeid
Utvalet tek og til orde for betre oppgåvedeling i helseteneste og at det må jobbast meir tverrfagleg. Skarpe skilnader mellom profesjonar og spesialisering kan gjera ei hensiktsmessig og fleksibel oppgåvedeling vanskelegare. Det ligg eit stort effektiviseringspotensiale i betre oppgåvedeling og i at dei ulike personellgruppene kan utføre fleire oppgåver.
- Her må vi og tenke nytt i utdanningane. Vi må ha meir av det tverrfaglege inn i utdanningane. Ein må ikkje vera låst i funksjonar. Vi må i større grad tenke heilskap rundt pasienten og legga vekt på samarbeid mellom profesjonane. Ved HVL har vi god erfaring i tverrprofesjonell samarbeidslæring, der medisin-, helse- og sosialfagstudentar er saman i praksis, jobbar i grupper og trener på å samarbeide, seier Naustdal.
I rapporten blir det foreslått eit kvalitetsutviklingsprogram som skal fremje riktig organisering og oppgåvedeling i helse- og omsorgstenestene over heile landet. Det blir foreslått at programmet finansierast med 300 millionar kroner per år i ti år.
Bør auke bruken av helsefagarbeidarar
Utvalet tek og til orde for å auka bruken av helsefagarbeidarar, både i kommunane og i sjukehusa. Helsefagarbeidar-utdanninga er både tilgjengeleg og attraktiv for mange, men det er for låg etterspørsel og for få heile stillingar.
- Vi må i større grad ta i bruk helsefagarbeidarar. Sjukehusa har langt på veg kvitta seg med helsefagarbeidarane. Det er stort behov for denne arbeidskrafta og dei må få fleire oppgåver i helse- og omsorgstenestene. Ein del av det som sjukepleiar gjer i dag, kan helsefagarbeidarar gjere i framtida. God rekruttering av helsefagarbeidarar vil redusere den opplevde sjukepleiarmangelen, seier ho.
For å styrke samarbeid og betre oppgåvedeling mellom profesjonane, foreslår utvalet fleire tiltak i utdanningane. Dei forslår at kombinerte stillingar mellom utdanningssektoren og helse- og omsorgstenestene blir brukt i større grad, og at det blir lagt opp til felles emne, kompetanseområde og felles tverrprofesjonell praksisundervisning i utdanningane.
- Eg ser fleire fagområde, der ein kan ha felles emne og tenke tverrfagleg. Alle som skal jobba i helse- og omsorgstenesta i dag har behov for digital kompetanse, å lære om korleis ein skal jobbe kunnskapsbasert og om kommunikasjon og samhandling med pasient og brukar. I tillegg må vi ha meir om prioritering og avgrensa val inn i utdanningane. For det kjem til å bli hardare prioriteringar i framtida, seier Naustdal.
Bilete: Prorektor Anne-Grethe Naustdal saman med utvalgsleiar Gunnar Bovim på framleggeles av NOUen.
Ny teknologi gir nye moglegheiter
Ny teknologi og digitale løysningar har eit stort potensial for å betre helse- og omsorgstenestene, både når det gjeld meir treffsikker og individuell behandling, men og for å avlaste helsepersonell og redusere behovet for personell.
- Utvalet er tydeleg på at digital kompetanse bør styrkast i utdanningane, og at det vil bli behov for nye grupper fagfolk med digital kompetanse. Det gir store moglegheiter for utdanningsinstitusjonane til å tenka nye utdanningar, særleg knyta til teknologi og helse, men også til leiing og etter- og vidareutdanning. Her ligg det nye studieplassar i framtida, seier Naustdal.
Kommisjonen foreslår at det blir etablert eit forskingsprogram for utvikling av ny teknologi og innovative arbeidsprosessar som fører til redusert behov for arbeidskraft. Størrelsen på forskingsprogrammet er foreslått til 500 millioner kroner per år i 10 år.
Fakta: Anne- Grethe Naustdal
- Prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)
- Ho har eit særleg ansvar for utdanningane, den strategiske utviklinga og kvaliteten innanfor utdanningsområdet
- Naustdal er tidlegare prodekan utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved HVL og dekan ved Avdeling for samfunnsfag og studieleiar ved sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
- Ho har erfaring frå ei rekkje verv regionalt og nasjonalt knytt til universitets- og høgskulesektoren.
- Naustdal er utdanna sjukepleiar, har utdanning i pedagogikk, mastergrad i organisasjon og leiing og er førstelektor i helsefag.
Fakta: Nokre anbefalingar og tiltak innan utdanning og kompetanseutvikling
- Helsepersonellkommisjonen anbefalar at Norge bør utdanne minst 80 prosent av dei legane landet treng, i tråd med Grimstadutvalgets (Kunnskapsdepartementet 2019) anbefaling. Det same prinsippet bør gjelde for Norge sin utdanningskapasitet også for de andre store helsepersonellgruppene.
- Helsepersonellkommisjonen anbefaler at vekst i studieplassar til helse- og sosialfagutdanningar bør leggast til rekrutteringssvake områder for den aktuelle profesjon, og i hovudsak til distrikt framfor sentrale strøk.
- Helsepersonellkommisjonen vurderer at behov for auka mengde og breidde i praksisundervisning i kommunane tilseier auka formelt kommunalt ansvar for undervisnings- og rettleiingsoppgåver. Finansiering av auka undervisnings- og rettleiingsansvar må sikrast.
- Helsepersonellkommisjonen anbefaler bruk av felles emne, felles kompetanseområde og felles tverrprofesjonell praksisundervisning i profesjonsutdanningar for å styrke føresetnader for samarbeid og oppgåvedeling mellom profesjonar.
- Helsepersonellkommisjonen anbefalar at kombinerte stillingar mellom utdanningssektoren og helse- og omsorgstjenestene blir brukt i større grad.
- Helsepersonellkommisjonen anbefaler at prioritering og avgrensande val bør vere tilstrekkeleg vektlagt i helsefagutdanningane slik at helsepersonell vert rusta vesentleg betre til å ta avgrensa val som del av fagleg verksemnd i tenesten.
Les hele 2023:4 Tid for handling — Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste