Vi samlar partnerane til workshop i Sogndal 25.-26. april

I Repeat er vi opptekne av å finne nye modellar for berekraftig forvalting av myr i lag med dei viktigaste aktørane. Derfor samlar vi no partnarar frå offentleg forvalting og interesseorganisasjonar til ei felles kartlegging av korleis vi oppfattar myr, og kva utfordringar vi møter når vi skal planlegge og gjennomføre ulike tiltak i myr.

I tillegg til prosjektleiinga deltek representantar frå Flå og Stad kommune, Statsforvalteren i Oslo og Viken og Statsforvaltaren i Vestland, Norges Energi- og Vassdragsforvalting, Statens vegvesen, SABIMA og ViteMeir. Workshopen vil munne ut i ein rapport som kjem til å danne grunnlag for vidare arbeid i prosjektet.

Det er planar om ytterlegare to workshopar; ein for internasjonale forskingspartnarar i slutten av 2022, og ein for heile forskingskonsortiet mot slutten av prosjektperioden (i 2024).