Vil auke kompetansen om barneperspektivet i NAV
Korleis vurderer NAV konsekvensar for barn i saker som gjeld låginntektsfamiliar? Det skal forskarar ved Høgskulen på Vestlandet undersøkje. Målet er å bidra til ei utvikling av sosialtenestene der barn sine behov blir betre ivaretatt.
NAV er sjeldan i direkte kontakt med barn, men mange av avgjerslene som blir tatt av NAV verker inn på barn, for eksempel når foreldre søkjer om sosialhjelp.
- Når vi veit at det å vekse opp i familiar med vedvarande låginntekt kan føre til marginalisering i vaksenlivet, og at det er risiko for at utanforskap i arbeidslivet blir reprodusert frå foreldre til barn, er det svært viktig å ha barneperspektivet med i vurderinga før ein tek ei avgjersle om støtte til barnefamiliar, til dømes om sosialhjelp, seier professor Kjetil Grimastad Lundberg ved Høgskulen på Vestlandet.
Eit sterkt forskingsmiljø
Lundberg skal leia forskingsprosjektet Barneperspektiv i Nav: Mot en helhetlig tilnærming i arbeidet med lavinntektsfamilier?.
I konkurranse med 47 andre prosjekt, var dette eitt av seks prosjekt som nyleg fekk støtte frå NAV. Prosjektet har fått ca. 4 millionar kroner, i tillegg stillar Høgskulen på Vestlandet (HVL) med eigenandelar gjennom FOU-tid. Prosjektet startar opp 1. oktober i år. Med seg på laget har han fire andre forskarar ved HVL, Ingunn Barmen Tysnes, Ingrid Voll, Camilla Olsen og Margrete Stave Aksnes.
- Vi har utvikla eit godt forskingsmiljø innan velferdsforsking som har fått tilslag på fleire søknader den siste tida. No har vi totalt fire eksterne prosjekt som er NAV-relatert, seier Lundberg.
HVL deltar også i eit av dei seks andre prosjekta som fekk støtte. Dette er leia av NOVA/OsloMet, og skal sjå på kvalifiseringsprogrammet som verkemiddel for arbeidsinkludering.
Alle prosjekta er knytt til forskargruppa Rett, demokrati og velferd ved HVL.
Fleire fattige barn siste 20 åra
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 110 700 barn levde i ein familie med vedvarande låginntekt i 2021. Det utgjer 11,3 prosent av alle barn i Noreg. Det er ein kraftig auke sidan år 2000, då talet var 4 prosent.
Arbeids- og velferdstenestene har ei sentral rolle i å inkludere folk i arbeids- og samfunnslivet og å forebygge og redusere fattigdom og sosiale problem. I saker som verkar inn på barn, direkte eller indirekte, er NAV og andre offentlege instansar plikta til å gjere ei vurdering av barnet sitt beste, etter både Grunnloven og FNs barnekonvensjon.
- Sjølv om det er blitt auka merksemd om dette dei seinare åra, har mellom anna Barneombodet peika på at vurderingar av kva som er det beste for barna ofte er fråverande eller ikkje gode nok i saksbehandlinga i NAV i dag, seier Lundberg.
Skal undersøkje barneperspektivet i sosialtenestene
Som ein konsekvens av dette har NAV nyleg utvikla ein rettleiar om vurdering av barnets beste, som Barneombodet har vore pådrivar for. I den står det at dersom ei avgjersle kan verke inn på barn, så skal omsynet til barnet sitt beste bli vurdert og ivaretatt.
I forskingsprosjektet skal Lundberg og dei andre HVL- forskarane undersøkje kva som hemmar og fremmer barneperspektiv i arbeidet med låginntektsfamiliar i sosiale tenester i NAV.
- Det er forska lite på dette tidlegare, og det som har vore av forsking har i hovudsak tatt utgangspunkt i prosjekttiltak. Vi vil sjå på barnefaglege vurderingar i dei ordinære sosialtenestene i NAV. Målet er å auke kunnskapen om barneperspektiv i NAV og bidra til ei utvikling av sosialtenestene der barn sine behov blir betre ivaretatt, seier Lundberg.
Verkar organisering og geografi inn på kompetansen?
Forskarane vil også sjå på om barnefagleg kompetanse og vurderingar varierer med organisering av NAV- kontoret, kontorstørrelse og med geografiske og demografiske høve.
Dei skal gjennomføre case-studiar ved åtte NAV-kontor i to fylker. Små, mellomstore og store kommunar skal vere representert, samt ulike typar arbeidsmarknad.
- Vi har god kontakt med NAV Vestland, og Vestland er eit av fylka vi vil ha med i studien. I tillegg håper vi på eit fylke på østlandsområdet. Vi vil intervjue tilsette i sosialtenestene, men også brukarar, barn og tilsette i andre deler av NAV og offentlege instansar som NAV samarbeider med, seier han.
Ei heilskapleg tilnærming
Lundberg er oppteken av ei heilskapleg tilnærming til arbeidet med låginntekstfamiliar. Han har tidlegare deltatt i forskingsprosjektet «Nye mønstre», om tiltak retta mot barnefattigdom og låginntekstfamiliar. Der såg han særleg på koordinering av tenester og familiekoordinator sin rolle i oppfølging av desse familiane.
- Me såg at tenestene er fragmentert. Mange av desse familiane har samansette problem og ei rekkje levekårsutfordringar, som dårleg helse, arbeidsløyse og utfordrande butilhøve. Dei er ofte i kontakt med fleire instansar, både i NAV og utanfor. Vi vil derfor sjå på samarbeidet internt i NAV, men og med andre instansar som bustadkontor, barnevern og frivillige tenester, seier han.
Inkluderer masterstudentar i prosjektet
Det er eit mål for HVL å kople studentar tettare på forskingsprosjekt. I arbeidet med dette prosjektet vil dei involvere masterstudentar på sosialvitskap ved høgskulen. Forskarane vil invitere 4-6 masterstudentar inn i prosjektet, og masteroppgåvene skal supplere og utdjupe prosjektet sine analyser og funn.
Alle som er involvert i prosjektet underviser på høgskulen, på bachelor i sosialt arbeid og på master i sosialvitskap.
- Vi jobbar med å utdanne profesjonar som treng den kunnskapen som dette prosjektet skal gi. Vi er derfor opptatt av å involvere studentar og ta i bruk ny kunnskap i undervisninga vår. Heilskaplege tenester der barn sine behov både blir vurdert og ivaretatt, er både viktig for det enkelte barn og familie, men og for samfunnet som heilskap, seier Lundberg.