Vil invitere ukrainske flyktningar til campusane
- Vi er i god kontakt med alle vertskommunar og jobbar aktivt i lag om korleis vi kan bidra og hjelpe til i ein krevjande situasjon. Det seier prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland, i HVL.
Han fortel at leiinga ved høgskulen har sett på moglegheitene for å invitere flyktningar frå Ukraina-krigen til høgskulen sine campus utover våren, for å komme i kontakt og sjå kva høgskulen eventuelt kan tilby dei.
- I den samanheng kan det vere aktuelt å involvere tilsette som er kunnige i russisk eller ukrainsk språk. I første omgang ønskjer vi å få laga ein oversikt med namn og campus. Her kan aktuelle kollegaer melde seg til Geir Kåre Resaland eller organisasjonsdirektør Tage Båtsvik.
Opne campus
Resaland fortel at han denne veka har vore i kontakt med alle fem vertskommunane til HVL.
- Vi har fortalt korleis vi jobbar og kva vi kan hjelpe til med. Det har blitt tatt svært godt i mot.
- Vi har og bedt kommunane informere flyktningar frå Ukraina-krigen som ønskjer kontakt med HVL om nytte og dele denne engelskspråklege lenka.
- Studietilbod er ein ting vi kan bidra med, men vi har fem gode campus der det kan vera behov for å komme å arbeide, treffa andre akademikarar, studentar eller andre. Vi ønskjer å tenke breitt og vera opne.
Arrangement i Bergen
Det er samfunnskontaktane som er kontaktpunkta på dei ulike campusane.
Resaland har og sagt til vertskommunane at HVL stiller opp på ulike aktuelle arrangement.
- Onsdag 20. april deltek vi på eit større arrangement for ukrainske flyktningar i Grieghallen i Bergen. Det er kome over 1500 ukrainske flyktningar til Bergen i løpet av få veker og vi ønskjer å vise at dei er velkommen og gi litt informasjon.
- Samstundes arbeider vi inn mot Kunnskapsdepartementet, Universitets- og høgskulerådet (UHR) og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om andre tilhøve, til dømes fordeling av studieplassar i samband med krigen i Ukraina.
Informasjonsside - HVL og krigen i Ukraina