Høgskulen på Vestlandet inngår ny allianse

Fire fleircampusinstitusjonar med til saman 27 studiestader går no saman for å styrke samarbeidet om forsking, utdanning og regional utvikling.

Avtalen mellom Høgskulen på Vestlandet, Høgskolen i Innlandet, Nord universitet og Universitetet i Sørøst-Norge blei signert under Arendalsveka i kveld, og har fått namnet VINST-alliansen. 

— Alle desse fire institusjonane spelar ei viktig rolle for tilgangen til utdanning, forsking, kompetanse og arbeidskraft i sine eigne regionar, men òg i heile landet og internasjonalt, seier Gunnar Yttri, rektor ved HVL.

Tilfører næringsliv og offentleg sektor noko særmerkt

Campusstrukturen for universitet og høgskular, er grunnstammen i Noreg sitt desentraliserte studietilbod.

— Vi tilbyr og tilfører næringsliv og offentleg sektor noko meir enn dei andre etablerte universiteta. Det er difor viktig å synleggjere og dokumentere betydinga av vår særmerkte rolle og funksjon, påpeikar Yttri.

Må synleggjere kostnadene

I debattpanelet hadde rektor Yttri med seg rektor Petter Aasen ved USN, rektor Peer Jacob Svenkerud ved HINN og prorektor Ketil Eiane ved Nord Universitet. Ordstyrar var prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal ved HVL.

— Vår type institusjonar har gode føresetnader for å sjå omgjevnadene sine behov, og omstille oss når behova endrar seg. Ei viktig oppgåve framover er å skape oppmerksomheit om kva det kostar å drive fleircampusinstitusjonar, samtidig som vi sikrar høg kvalitet i alt vi gjer, uttalte Svenkerud under kveldens debatt. 

Etter innleiande ord frå alle fire leiarar, fekk panelet mange spørsmål frå salen. Det blei både spurt om kor Høgskulen i Molde, Høgskulen i Volda og NTNU passa inn i landskapet, og om korleis alliansen kan bidra til styrka arbeidet med internasjonale studentar.

NOKUT-direktør Kristin Vinje tok også ordet under debatten.

— Eg er veldig glad for at denne nye alliansen, og eg er særleg glad for den sterke vektlegginga av kvalitet, uttalte ho under debatten.  

Motivert kvartett

Yttri påpeikar at han ser fram til eit enda tettare samarbeid med dei tre andre fleircampusinstitusjonane om felles interesser, både når det gjeld rammevilkår for sektoren, utdanning og forsking.

— Vi har samarbeida godt over tid. Gjennom VINST-alliansen får vi høve til å styrke merksemda på kva som trengst for å utvikle fleircampusinstitusjonane til det beste for studentar, tilsette og samfunnet vi er ein del av, seier HVL-rektoren.  

Relaterte saker