Utstyr og utlån
Studentar og tilsette ved HVL kan låne rom og utstyr i læringslab.
Læringslab gir tilgang til teknologiske verktøy for tilsette og studentar. Medielab har kompetanse på ei rekke av teknologiane og utstyr som er relevant og skal i tillegg til pilotering og betatesting sørge for at romma blir utstyrt med klassesett som vert tilgjengelege når brukarane bestiller rom.
Det vil sjølvsagt også vere mogleg å bruke utstyr som er tilgjengeleg som fast inventar eller ta med eige utstyr. Kva utstyr som er aktuelt blir prøvd ut og definert i tett samarbeid med brukarane.
Utlån
Vi brukar Cheqroom for å handtere utlån og ha oversikt over utstyret i Læringslab. Bruk lenka under til å logge på Cheqroom med Feide, eller last ned appen på Google Play eller App Store.
Logge inn i Cheqroom
Last ned Cheqroom og opne,
Du kan så skrive inn student/tilsett e-post og velg “Log in with SSO”. Etter dette får du ein vertifiseringskode på e-post (kan ta nokre sekund). Så får du 3 val, og trykkjer “Læringslab HVL”. Så må du gjennom innloggingen med windows authenticator. Etter dette så skal du vere logga inn på rette plass i Cheqroom.
Du har ein knapp i dashboard på Cheqroom som heter “New reservation” eller du kan slide reserversjonsskjema fra høyre siden på skjermen. Først velger du hvilket Campus du vil låne fra på location. Så til- og -fra dato. Der får du berre velge 3 arbeidsdagar. Til slutt kan du legge til utstyr som er ledig med “Add item or kits”.
Om du ynskjer å reservera lengre, kan du komme innom oss i Læringslab og spørje etter at du har gjort reservasjon på 3 dagar. Så kan vi sjå om andre har lagt inn reserversjoner etter deg. Lurt å reserver i god tid i forveien slik at utstyret er tilgjengeleg når du treng det.
Sjå utstyr til utlån på din campus
Sjå denne oversikten for å finne utstyr til utlån. Bruk filter for å sjå utstyr som er tilgjengeleg på din campus.