Guide til universell utforming av HVL sine undersider
Nokon tilsette har moglegheit til å publisere innhald på undersidene til HVL eller Vestibylen. I denne guiden finn du informasjon om korleis nettsidene kan universelt utformast ved bruk av EPiServer CMS-systemet.
Oppsett
Gjennomtenkt sidestruktur skapar ei nettside som er lett å innhente informasjon frå. Tenk over kva informasjon som er viktigast for dei som besøker sida. Trekkspel-blokka er ein fin funksjon dersom ein har lange seksjonar med informasjon som ikkje alltid treng vere synleg. Dette gjer sida oversiktleg for besøkande.
Øvst på nettsida kan du sjå kva språk sida er sett til. Det er viktig at innhaldet på sida faktisk er på nynorsk om den er satt til denne målforma. Målforma er med på å bestemme kva språk innhaldet blir formidla på, til dømes ved bruk av skjermlesar (eit reiskap som les opp høgt det som står på skjermen). Oppretting av målform avgjer også om sida eksisterer på dei norske og dei engelske sidene.
Du kan lage engelsk versjon av sida ved å gå til HVL si forside, endre språket til engelsk via knappen i menyen, trykke på EPIServer-knappen, finne nettsida di i oversikta over undersidene , altså side-hierarkiet, og deretter trykke på «Oversett». Du kan også trykke «Oversett» via den gule beskjeden som kjem opp når du går inn på ei side som ikkje har ein engelsk motpart enno. Legg merke til at innhaldet ikkje vert oversett automatisk.
Overskrifter
Sørg for å skape ein god struktur og eit hierarki for overskrifter. Bruk den innebygde overskriftfunksjonen i systemet under «Formats» og så «Headers» (sjå utklipp nedanfor). Bruk aldri kun BLOKK BOKSTAVAR i Capslock som overskrift (med unntak av forkortingar).
Formattering
Unngå tekststyling i form av kursiv eller understreka skrift. Bruk heller ikkje BLOKK BOKSTAVAR på ord og heile setningar, då verktøy for høgtopplesing roper orda.
Lenker
Om du skal lenke til innhald, hugs å bruke beskrivande språk i lenke-tittelen. Den bør seie noko om kva lenka inneheld. Informer i parentes eller i lenke-tittelen om lesaren vert sendt til eksterne nettsider eller om lenka er kopla til eit dokument. Ekstra informasjon som filstørrelse eller lengde på videoar er også eit pluss.
Lister
Lister, som punktlister og nummerlister, skal vere oppretta med punkt eller nummererins- funksjonen i verktøylinja. Dette er for at personar som bruker hjelpemidlar, som til dømes skjermlesar, ofte har ein funksjon som tilbyr å navigere i lister. Dei får også på den måten informasjon om tal punkter i lista.
Bilete og alternativ tekst
For dei med skjermlesar er det viktig at konteksten til bileta er tilgjengeleg. Når ein skal leggje til alternativ tekst, trykker ein på biletet og velger "Go to media".
Gå så til "Metadata" og legg til den alternative teksten.
Hugs at ein god alternativ tekst byrjar med det viktigaste, er relativt kort og skildrar biletets motiv. Eit bilete treng ikkje alternativ tekst dersom bilete:
- allereie er skildra av teksten nær biletet
- fungerer som illustrasjon til ein tekst og ikkje gir noko ny informasjon
- er visuell pynt, til dømes rammefarge, piler og andre former
- er dekorasjon til lenker eller knappar for å gjere dei meir synlege
Så langt det lar seg gjere skal ein ikkje nytte bilete av ein tekst. Bilete av ein tekst formidlar ikkje informasjonen ved bruk av ulike hjelpemidlar.
Bruk av video
Ved bruk av video er det viktig å hugse på at videoar som ligg på HVL sine siar skal vere teksta. For meir informasjon om utforming av videoar, sjå vår guide om videoar og lydopptak.