Undervisning og kurs for forskarar

Biblioteket presenterer nyttige tema for deg som forskar, skriv og publiserer.

Biblioteket tilbyr undervisning, kurs og workshops i ei rekke ulike tema. Kvart semester har vi opne undervisningsøkter om søk, referansehandtering, publisering og akademisk skriving. Utover dette er forskargrupper, institutt og fakultet velkomne til å ta kontakt med oss for innlegg om eitt eller fleire tema, eller kome med forslag til samarbeidsformer. Vi skreddarsyr gjerne eit tilbod, ta kontakt med Kåre Johan Mjør

Tema vi tilbyr

  • Ressursar for forskarar: Google Scholar, Publons, Scopus, Web of Science, Research Gate
  • Orcid og forfattaridentitet 
  • Litteratursøk: Kvar du bør søke og korleis
  • Referansehandtering: korleis bygge ditt eige artikkelarkiv
  • Open publisering av forskingsdata
  • Akademisk skriving
  • Vancouver-reglane for forfattarskap
  • Publiseringsprosessen (publiseringskanalar, fagfellevurdering)
  • Open Access /  APC - kostar det pengar? 
  • Plan S 
  • Cristin/NVA og publikasjonspoeng 
  • Forskingsevaluering: Norsk publiseringsindikator, siteringar, impaktfaktor, H-index
  • Akademisk reielegheit: useriøse publiseringskanalar og sjølvplagiering
  • Opphavsrett til eigne arbeid og institusjonell rettighetspolitikk

Kontakt

Førstebibliotekar
Bibliotek