Undervisningstilbod til ph.d-kandidatar og forskarar

Biblioteket introduserer nyttige tema for deg som forskar, skriv og publiserer.

Kvart semester tilbyr vi ein serie korte introduksjonar til ulike tema knytte til forskings- og publiseringsprosessen. Innan nokre tema vil vi òg tilby fagspesifikk fordjupning.

Undervisninga vil gå føre seg på både norsk og engelsk til faste tidspunkt, på nett (Zoom), og vil bli samkøyrt med Shut up & write-sesjonar.

Ph.d.-kandidatar vil få invitasjon på e-post. Andre interesserte er òg velkomne, og vil finne informasjon om tilbodet på Vestibylen.

Tema

  • Ditt forskingsbibliotek: korleis bruke bibliotekets ressursar
  • Litteratursøk
  • Referansehandtering
  • Open forsking
  • Forskingsdata
  • Akademisk skriving
  • Forfattarskap og publisering
  • Å vere synleg på nett 
  • Cristin
  • Forskingsevaluering

Vi kan òg skreddersy kurs og seminaropplegg for forskargrupper og andre, ta gjerne kontakt med oss.

Undervisningsplan hausten 2021

Undervisninga blir tilbydd på engelsk (fredagar 9.00-10.00) og norsk (måndagar 12.00-13.00). All undervisning går føre seg i Zoom. Stipendiatar ved HVL får invitasjon i Outlook; undervisningsøktene blir også kunngjort i Vestibylen. 

Dato Tema
20.08 Tailor your information flow
23.08 Skreddersy din informasjonsflyt
03.09 Literature Searching
06.09 Litteratursøk
17.09 Reference Management
20.09 Referansehandtering
01.10 Academic Writing 1
04.10 Akademisk skriving 1
15.10 Academic Writing 2
18.10 Akademisk skriving 2
29.10 Authorship
01.11 Forfattarskap
12.11 Publishing
15.11 Publisering
26.11 Digital visibility
29.11 Digital synlighet
10.12 Research evaluation
13.12 Forskingsevaluering

Fordjupingstilbod 1: søkeworkshops

Biblioteket inviterer i løpet av semesteret til fakultetsvise søkeworkshops. For detaljar, klikk på lenkene nedanfor. 

14. september Litteratursøk for tilsette ved FLKI
30. september Litteratursøk for tilsette ved FIN
6. oktober Litteratursøk for tilsette ved FHS
13. oktober Litteratursøk for tilsette ved FØS
17. november Litteratursøk for tilsette ved FØS

 

Fordjupingstilbod 2: referansehandtering

I haustsemesteret tilbyr biblioteket følgjande workshops i referansehandteringsverktøy for stipendiatar og tilsette:

28. september EndNote
4. oktober Zotero 

Fordjupingstilbod 3: Andre tema

 

Shut up & write

Bli med på dei faste skrivestundene våre kvar fredag føremiddag! Å setje av faste tidspunkt til skriving er viktig både for å kome i gang og for å kome seg vidare med skrivearbeidet. Og når ein skriv saman med andre, er det lettare å konsentrere seg. I tillegg møter du stipendiatkollegaene dine. 

Vi samlast klokka 9.00, evt. 10.00 når det er undervisning, for 2-3 konsentrerte skriveøkter à 45 minutt fram til klokka 12.00. Inntil vidare vil Shut up & write ved HVL-biblioteket føregå digitalt, i Zoom. Her er fast lenke til møterommet vårt: https://hvl.zoom.us/j/65400299232.
(Meeting ID: 654 0029 9232 - Passcode: 266109)

Kontakt

Førstebibliotekar
Bibliotek