Skrivefestival Bergen

Skrivesenteret og biblioteket inviterer til skrivefestival.

Velkommen til Skrivefestival 29.-31. oktober

Kvar av dagane startar med to timar Shut up & write i lag med skrivande studentkollegaer og med kaffi og vaflar.

Elles blir det:

  • Skriveverkstader om KI, argumentasjon, akademisk engelsk og korleis du kan få bukt med skrivesperra
  • Debatt om akademisk skriving i ulike fag og sjangrar
  • Boklansering: Professor i norsk ved HVL, Kjersti Maria Rongen Breivega, har skrive ny bok som heiter Å studere argumentasjon. Vi slepp boka torsdag kl. 14 i eit bokbad med Solveig Kavli.

I tillegg blir våre vanlege tenester som Skrivehalvtimen og Søkeakutten intensivert, der du kan få individuell hjelp med skrivearbeidet ditt.

Følg med for meir info!