Samlingspolitikk for biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet

Biblioteket skal gje studentar og tilsette ved HVL tilgang til litteratur og informasjonskjelder i trykt og elektronisk form som er relevante for forsking og utdanning. HVL-biblioteket forvaltar ei fysisk samling som er fordelt på våre fem campusar og ei felles digital samling.

Samlingsutvikling ved HVL-biblioteket skjer etter følgjande prinsipp:

  • Samlinga skal spegle høgskulens faglege profil, satsingsområde, verdiar og strategi.
  • Innkjøp og samlingspleie skal gjerast ut frå studentar og tilsette sine faglege behov.
  • Biblioteket har ansvar for samlingsutviklinga, men samarbeider med fagmiljøa og tek dei med på råd.
  • Samlingane ved campusbiblioteka skal støtte høgskulens lokale fagmiljø og utdanningar.
  • Biblioteket skal tilby både trykte og digitale ressursar. Vi prioriterer digital tilgang framfor trykte ressursar, men tek brukarbehov og bibliotekets økonomiske rammer med i vurderinga.
  • Biblioteket skal bidra til å ta vare på institusjonens historie gjennom å forvalte og formidle fysiske historiske samlingar, og å gjere institusjonens faglege publikasjonar tilgjengelege i digitale arkiv.
  • Biblioteket skal ha oppdaterte samlingar og drive aktiv samlingspleie i form av innkjøp, magasinering, deponering, kassering og fortløpande vurdering av abonnementa våre.
  • Samlinga skal sjåast i samanheng med samlingane ved andre UH-bibliotek og Nasjonalbiblioteket.
  • Biblioteket har full råderett over om ein vel å ta i mot gåver eller ikkje. Inkludering i samlinga skal skje i samsvar med prinsippa ovanfor.

Godkjend av Prorektor for forsking 17.06.2024