Avansert personleg progresjonsmåling i rehabilitering etter hjerneslag (Appirh)

Målet med Appirh-prosjektet er å utvikle ei ny digital løysning i rehabilitering for oppfølging av personar rammet av hjerneslag. Løysinga skal inngå i eit samanhengande koordinert og persontilpassa rehabiliteringsstøttesystem, der pasienten kan gje tilbakemeldingar på kva som er viktig for dei, og sjølv kan følgje si eiga utvikling.

I Appirh-prosjektet skal maskinlæring og sensorteknologi nyttast for å omsette pasientens rørsle til ein digital tvilling som visualiserar framgangen. Saman med tilbakemeldingar frå pasienten skal informasjonen vere tilgjengeleg for både pasient og behandlar og nyttast i behandlinga.

Pårørande kan også få tilgang og informasjon dersom pasienten ønskjer dette. Konkrete tal og visuelle representasjonar av eigen framgang gjev objektiv stadfesting på framgangen, og er spesielt viktig ettersom kroppens evne til å gje tilbakemelding er svekka etter eit hjerneslag. Løysinga kan styrke pasientengasjementet, forståing og motivasjon – og ha ein positiv verknad på rehabiliteringsprosessen.

I Appirh-prosjektet skal vi legge til rette for ei heilskapleg og datadriven tilnærming som vil styrke brukarmedverknad, pårørendemedverknad, og behandlarane sin mulighet for å vurdere verknadane av tiltak. Vi skal også tilrettelegge for samval og realistiske behandlingsmål. Vi baserer oss på etablert kunnskap og teknologi frå ulike område, som skal integrerast og tilpassast.

Nøkkelinformasjon: 

Hovuddeltakarar: Runar Tengel Hovland, Raquel Motzfeldt Tirach, Per Christian Engdal, Erik Kyrkjebø, Øystein Stavø Høvig, Jeanette Svarstad, Christian Moltu, Gro Rukan, Gizem Ates Venås, Mona Kristin Aaslund

Finansiering: Høgskulen på Vestlandet, Helse Førde HF, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Prosjektperiode: 2023 -

Samarbeidande institusjonar: Høgskulen på Vestlandet, Helse Førde RHF, Gloppen kommune, Sunnfjord kommune,  Youwell

Cristin: Advanced personalized progression measurement in rehabilitation after stroke (Appars)