Argument for ein likeverdig representasjon av praktiske og teoretiske kunnskapar i obligatorisk skulepensum

Grethe Nina Hestholm disputerer måndag 22. juni 2020 for ph.d.-graden ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Høgskulen på Vestlandet (HVL) med avhandlinga: «Kva talar for ein likeverdig representasjon av praktiske og teoretiske kunnskapar i obligatorisk skulepensum? Kunnskapsteoretiske, danningsfilosofiske og utdanningssosiologiske argument».

Sjølv om overgangen frå bondesamfunn, via industrisamfunn til informasjons- og servicesamfunn har ført til ein stadig reduksjon av den uformelle, praktiske kunnskapsformidlinga, er det i obligatorisk skule framleis mest vekt på den proposisjonale, deklarative, teoretiske kunnskapen. Essensielle pedagogiske spørsmål er om elevane med denne opplæringa får dei erfaringane dei treng for å kople seg på læreprosessane, finne sin identitet og utvikle ei demokratisk forståing.

Argumentasjonane for ein likeverdig representasjon av praktiske og teoretiske kunnskapar i obligatorisk skulepensum byggjer på kunnskapsteoretiske, danningsfilosofiske og utdanningssosiologiske teoriar som blir kategoriserte i to grupper: 1) Edmund Husserl, Maurice Merleau-Ponty, John Dewey, Jon Hellesnes og Hans Skjervheim kastar ljos over det kunnskapsteoretiske og danningsfilosofiske grunnlaget for kritisk vitskapeleg aktivitet, og 2) Hannah Arendt, Pierre Bourdieu og Michael W. Apple viser nokre utdanningssosiologiske konsekvensar av ulike kunnskapsstatusar. Den metodologiske tilnærminga er fenomenologisk og består av kvalitative intervju, observasjonar og studiar av utdanningsdokument innsamla i Noreg og Tyskland.

Funna gir grunnlag for å framføre svar som rører ved fleire, og gjensidig avhengige aspekt av spørsmålet. Dei kunnskapsteoretiske argumenta viser at tilgang til den konkrete, situerte livsverda gjer oss i stand til å sjå og validere løysingar som tar omsyn til heilskapen. Eit skilje mellom praksis og teori hemmar såleis kunnskapsutviklinga og forhindrar den fruktbare osmosen mellom kategoriane. Dei danningsfilosofiske argumenta synleggjer at alle, også dei som meistrar teorien, treng den konkrete, kroppslege kontakta med den subjektive livsverda for å finne sin identitet og utvikle eit breitt og demokratisk fundament for si danning. Dei utdanningssosiologiske argumenta avslører at allmennutdanninga, slik vi forsøker å realisere den i skulen i dag, styrkar og vidarefører maktstrukturar gjennom ein udemokratisk representasjon av kunnskapar og kulturar.

Hovudkonklusjonen, å implementere eit meir demokratisk kunnskapsutval, dvs. ein større representasjon av praktisk kunnskap i obligatorisk allmennutdanning, representerer eit empiri- og teorifundert bidrag til diskusjonen om kva føremålet med skulen skal vere og kva lærestoff elevane treng i opplæringa mot dette føremålet.

 

Personalia

Grethe Nina Hestholm (f. 1963) frå Askøy har fleire års yrkesfagleg utdanning og erfaring innanfor ulike formgjevingsfag. Ho har cand.mag. grad og mastergrad i pedagogikk frå Universitetet i Bergen (UIB). Sidan 2015 har ho vore tilsett som pedagogikklærar på Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar (PPU-Y) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Hovudrettleiarar er Solvejg Jobst, professor i pedagogikk ved HVL og birettleiar er Konrad Rokstad, professor emeritus i filosofi ved UIB. Førsteamanuensane Anne Granberg og Gunnar Karlsen ved UIB har vore filosofifaglege rådgjevarar.


Grethe Nina Hestholm, Høgskulen på Vestlandet

Prøveførelesing

22. juni 2020, kl. 9.00 – 10.00

Stad: Digital.

Tema: Nemninga praktisk kunnskap er kompleks og fleirtydig. Kommenter i ljos av elevens danning.

 

Disputas

22. juni 2020, kl. 10.30 – 13.30

Stad: Digital.