Det engasjerte universitetet

Rıdvan Çınar disputerer 8. 2. 2022 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga "Towards an engaged university in the periphery: Innovation, regional development and institutional change".

Det vert i aukande grad forventa at universiteta skal bidra til regional utvikling ved å satse på innovasjon. Desse forventningane er størst i utkantområde, som generelt er kjenneteikna av eit svakt institusjonelt landskap. Samfunnsutfordringar som klimaendringar, regional ulikskap, inntekstulikskap og demografiske endringar krev at universiteta aukar breidda i innovasjonen. Dei går frå tradisjonelt regionalt utviklingsarbeid,  som teknologioverføring og samarbeid med industri, til òg å ta del i andre typar innovasjon (eg. sosial innovasjon) i samarbeid med andre samfunnsaktørar (eg. kommunar, innbyggjarar). Det er såleis en transformasjon frå det entreprenørielle universitetet, som er økonomisk orientert, til det engasjerte universitetet, som også inkluderer sosialt, miljømessig og kulturelt engasjement.

Eit sentralt funn i avhandlinga til Rıdvan Çınar er at transformasjonen mot eit engasjert universitet ikkje berre avheng av samhandlinga mellom to institusjonar, staten og marknaden, men at det òg involverer påverknad frå tre andre institusjonar, nemleg profesjonen, sivilsamfunnet og bedrifta.
 
Avhandlinga legg fram fleire forslag for politikkutforming og praksis for å støtta utkantuniversiteta i transformasjonen mot den engasjerte modellen, t.d. eigne finansieringsprogram til mindre utvikla regionar, deltaking frå regionale og lokale aktørar ut over industri i universitetsstyra og å tilsetja personar som har vore gjennom ulik fagleg og profesjonell sosialisering.
 
 

Personalia

Rıdvan Çınar, født i 1990 i Tyrka, er en samfunnsviter med særlig interesse for innovasjonsstudier, regionale studier og studier i høyere utdanning. Han er ansatt ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskolen på Vestlandet, på prosjektet UniS4Vest (universitetenes rolle for bærkraftig verdiskapning på Vestlandet). 

Han har vært kandidat ved doktorprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling ved HVL. Som kandidat har han vært gjesteforsker på Universitetet i Twente og ECIU (European Consortium of Innovative Universitites) i to semester. Han har tidligere vært Marie Curie-stipendiat ved RUNIN-prosjektet  (The role of universitites in innovation and regional development) i Portugal, støttet av Europakommisjonen.

Cınars avhandling er artikkelbasert. To av de fem artiklene er han eneforfatter på. I tillegg er tre av artiklene allerede publiser i tidsskrift som Growth and Change, Regional Studies Regional Science, and Sustainability, mens de to siste er under vurdering.

Kontaktinformasjon: +351 962057225, rcin@hvl.no

 

Ridvan Cinar.jpg

Disputas

8. februar 2022, kl. 10.30
Rom M004, Kronstad og Zoom

Opponenter:
1. Dr. Fumi Kitagawa, University of Edinburgh Business School 
2. Associate professor Maribel Guerrero, Northumbria University Newcastle 

Leder av komiteen:
Professor Stig-Erik Jakobsen 

Disputasleder:
Dekan Jens Kristian Fosse

Prøveforelesning

8. februar 2022, kl. 9.00
Rom M004, Kronstad og Zoom

Oppgitt tema:
“To what extent do institutional processes of ‘an engaged university’ observed in one particular peripheral region inform us of those in other peripheral regions? Discuss with critical perspectives reflecting on your theoretical and methodological approaches.”