Eit rammeverk for multimodell konsistenshandtering

Patrick Stünkel disputerer 9.2.2022 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga "A framework for multi-model consistency management".

Programvaresystema har vorte naudsynt for samfunnet og økonomien i sitt virke. Dei gjennomsyrar stadig fleire område. Samstundes aukar graden av integrasjonen  mellom systema. Som et resultat har utviklinga og vedlikehald av slike systema vorte stadig meir komplekst. 

Abstraksjon er sjølve nøkkelen for å takla denne kompleksiteten. Difor forstår forskingsdomenet programvareutvikling (Software Engineering) programvaresystema gjennom modellar, dvs. forenkla bilete av røynda som på ei og same tid skildrar og spesifisera strukturen og framferda til slike system.

Når ein jobbar med ei mengd av samankopla system, må ein bruke fleire modellar, fordi kvar modell omfattar berre eitt einskild aspekt ved heile det underliggande systemet. Situasjonen omtalast gjerne som ein multimodell (multi-model). Ein situasjon som representerer eit uløyst problem i vitskapen bak programvareutviklinga. Det kan nemleg vera utfordrande å halda alle modellar konsistente fordi det er indre samanknytingar  mellom dei enkelte delane av ein multi-modell som oppstår gjennom overlappingar og relasjonar mellom dei enkelte elementa.

Når fleire aktørar modifisera dei einskilde modellane slik, kan det oppstår inkonsekvensar som har negativ innverknad på kvaliteten til det overordna systemet som er under utvikling. Det er såleis naudsynt med systematisk gjentakande aktivitetar samanfatta under omgrepet multimodell konsistenshandtering (multi-model consistency management).

Dette emne inneberer ulike utfordrande problem. Til dømes, tilpassingar av heterogene modellar, automatisk konsistensverifisering og modellreparasjon.

I sitt ph.d.-prosjekt tek Patrick Stünkel opp svakheitar ved eksisterande tilnærmingar og presenterer ei løysning på problemet med multimodell konsistenshandtering. Den mest grunnleggande nyvinninga i løysninga hans er evna til å handtera multimodeller av vilkårlig aritet, fordi etablerte tilnærmingar hovudsakleg er avgrensa til binære situasjonar.

Prosjektet bidrar både til teoretiske og praktiske aspektar av Software Engineering og dei konstruktive resultata består av fylgjande artefaktar:

  • Ein konseptuell modell av problemdomenet;
  • Ein matematisk formalisme kalla omfattande system (comprehensive systems)
  • Eit prototypeverktøy kalla CorrLang.

stunkel.jpg

Disputas

9. februar, kl. 13.15
Rom M003, Kronstad

Prøveforelesing

9. februar, kl. 10.15
Rom M003, Kronstad