Endring av kollektiv kunnskap i barnehagen
Hege Fimreite disputerer 11. 2. 2022 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga "Kollegarettleiing og endring av den kollektive kunnskapen i barnehagen".
Kan kollegarettleiing medverke til å endre den kollektive kunnskapen i barnehagen?
Fimreite har i si doktorgradsavhandling undersøkt korleis systematisk kollegarettleiing i gruppe kan bidra til læring og utvikling i barnehagen. Fimreite definerer barnehagelæraren som ein profesjonell yrkesutøvar med ansvar for kvalitet i barnehagen. I denne rolla treng barnehagelæraren arbeidsformer og læringsaktivitetar som støttar opp om kvalitetsutvikling.
Avhandlinga viser at systematisk kollegarettleiing kan vere ein mogleg innfallsvinkel til utvikling og læring i barnehagen. Denne aktiviteten kan fungere støttande for dei tilsette i møtet med formelle krav og system rundt barnehagen. Funna viser at strukturen og systematikken knytt til kollegarettleiinga kan fremje læring og bevisstgjering om eigen praksis. Ein føresetnad er likevel at grupperettleiing er ein aktivitet som varer over tid, og at den føreset eit kritisk, reflektert og analytisk blikk på praksis. Funna framhevar kor sentralt ein fagleg rettleiar er for utvikling av profesjonelle læringsaktivitetar, og at støtte frå leiinga viser seg som grunnleggande viktig for kollektivt engasjement og læring.
Barnehagen som fellesskap har vore det sentrale omdreiingspunktet i avhandlinga. Den synleggjer læringsprosessar som kan medverke til endringar i den kollektive kunnskapen i barnehagen, og barnehagelærarane sin danningsprosess som profesjonsutøvarar. Fimreite peikar på at barnehagelærarane sin eigarskap til læringsaktivitet, saman med tilpassing av aktivitetane til lokal kontekst, framstår som ein nøkkel til utvikling og læring. Det same gjeld samarbeid med eksterne aktørar, som også ser ut til å vere ein mogleg viktig faktor.
Fimreite konkluderer med at gjennom systematisk kollegarettleiing kan barnehagelærarar gripe overordna diskursar om eiga profesjonalisering, og granske desse i lys av både eksterne politiske krav og indre fagkunnskap. Slik kan systematisk kollegarettleiing medverke til bevegelse i den kollektive kunnskapen i barnehagen.
Avhandlinga byggjer på analyser av ulike samtalar og metasamtalar der barnehagelærarane sine forståingar av eigen praksis er i sentrum. Aksjonsforsking er valt for å søke kunnskap i prosess, med mål om å endre praksis og utvikle ny kunnskap i barnehagen. Kasusstudie med få deltakarar er valt for å få nærkontakt med barnehagelærarane sine eigne refleksjonar om eigen praksis.
Avhandlinga har relevans både for barnehagar, styresmaktene, barnehagelærarutdanning og ulike vidareutdanningar. I styringsdokumenta er barnehagelærarane lite framheva som profesjonsgruppe, og rettleiing er i liten grad retta mot barnehagelærarane sitt læringsfellesskap.
Personalia
Hege Fimreite (f. 1971) er busett i Sogndal, har hovudfag i førskulepedagogikk og er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Fimreite var før stipendiatsperioden instituttleiar for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho er ph.d. kandidat ved HVL sitt ph.d. program Danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Hovudrettleiar for avhandlinga er dosent Øyvind Glosvik (HVL) og medrettleiar er professor Thomas Moser (UiS).