Å bygge seg eit nytt sosialt liv etter å ha levd med rusmiddelproblem

Mariann Iren Vigdal disputerer 22.august 2024 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Forteljingar om å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle. Ei kvalitativ studie av langvarige recoveryprosessar etter problematisk rusmiddelbruk».

Recovery etter eit liv med rusmiddelproblem inneber for mange å vere i fleire og langvarige, parallelle endringsprosessar på same tid. Dei parallelle recoveryprosessane handlar mellom anna om å  endre  den skadelege rusmiddelbruken, om å bygge opp eit liv med betre levekår som økonomi, arbeid og bustad, og om å bygge eit nytt sosialt liv.  Å vere i recovery vil for mange innebere å endre sitt sosiale nettverk frå eit nettverk med personar som har rusmiddelproblem, til eit nettverk med personar utan problematisk rusmiddelbruk.

Trass i at eit av menneska sine grunnleggande behov er å kjenne sosial tilhøyrsle, og at det er kjent at personar i langvarig recovery ofte må endre sine sosiale nettverk, har det vore lite forskingsbasert kunnskap om  korleis desse sosiale endringsprosessane vert erfart.  I denne doktorgraden utforskar Vigdal korleis personar som er i langvarige recoveryprosessar har opplevd prosessane med å bygge nye vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle.

Doktorgraden er sett saman av ei kunnskapsoppsummering av tidlegare forsking og analyser av  intervju og kartlegging av dei sosiale nettverka til 17 personar som har vore i langvarig recovery. Deltakarane til studien er rekrutterte frå Stavangerstudien om rusmiddelavhengigheit og forløp (Stayerstudien).

Strevet med å bygge seg eit nytt sosialt liv

Dei tre artiklane som inngår i avhandlinga syner på ulikt vis fram opplevingar av strevsame endringsprosessar.  I den første studien, som var ein kunnskapsoppsummering av tidlegare forsking,  fann vi at sosiale fellesskap som vart oppfatta som trygge og ikkje stigmatiserande, kunne støtte dei langvarige sosiale endringsprosessane. Dei sosiale fellesskapa vart anerkjent som arenaer for å konfrontere ansvar og tillit. Fellesskapa fasiliterte for auke i relasjonelle ferdigheiter, og at nye sosiale band vart knytt. Personane i langvarig recovery erverva seg ei kjensle av sosial attreising, og ei oppleving av å vere verdsette borgarar.

I den andre studien utforska vi korleis personar i langvarig recovery skildra sine sosiale nettverk, og kva dei erfarte som nøkkelfaktorar for at nettverka skulle utviklast. Artikkelen bidreg med kunnskap om at tid er ein essensiell faktor i nettverksbygginga, til liks med det å ha tilgang til sosiale arenaer med fastlagde strukturar for sosial interaksjon. Studien peikar på at det å ha tilfredsstillande levekår, ei kjensle av å vere anerkjent av andre, samt det å kunne identifisere seg med andre, fremjar ei oppleving av sosial tilhøyrsle.

I den tredje studien utforska vi korleis personar i langvarig recovery tolka og gav meining til sine erfaringar med å bygge nye vennskap. Artikkelen fokuserte på forteljingar om prosessane med å bygge nye vennskap der historielinjer og posisjonering av seg sjølv og andre er nytta som analytiske omgrep. Analysen viste at personar i langvarig recovery kjende seg merka av, og hindra av, sine tidlegare erfaringar når dei skulle bygge nye vennskap. Disse erfaringane skapte barrierar for vennskapsutviklinga, og ei oppleving av eit sosialt skilje mellom dei som hadde brukt illegale rusmiddel og dei som ikkje hadde gjort det. 

Ei oppleving av sosial tilhøyrsle 

Samla sett viser avhandlinga at til trass for strevet med å bygge nye vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle,  opplevde dei fleste av dei 17 deltakarane seg sjølv på intervjutidspunktet som sosialt integrerte medlemar av samfunnet. Opplevinga av sosial tilhøyrsle og integrering var nært knytt til det å ha gode levekår som til dømes å ha arbeid, ein heim, ein familie og venner. Sosial integrering handla til dømes om å kunne meistre eit kvardagsspråk, kjenne til kulturen med dei sosiale reglane og normene som er gjeldande i samfunnet.

I avhandlinga peikar Vigdal på eit mønster kor dei intervjua personane opplevde at det var store sosiale avstandar mellom dei som hadde levd eit liv med rusmiddelproblem og dei som ikkje hadde det. Vigdal understrekar at denne opplevde avstanden er sentralt å vere merksam på, og at arbeidet med å bygge nye relasjonar og sosial tilhøyrsle kan sjåast som eit integreringsarbeid kor tilgang til inkluderande fellesskap, likeverdige levekår og tilgang til støtte og hjelp er sentralt.

Vigdal argumenterer i denne doktorgraden for ein borgarorientert omsorg, der samfunnet og tenestene, i saman med personar som er i recovery, samarbeider for å fremjar opplevingar av eit styrka medborgarskap og sosial tilhøyrsle.

Personalia

Mariann Iren Vigdal (f.1969) er utdanna klinisk sosionom og har ein master i samhandling innan helse- og sosialtenestene.

Doktorgradsarbeidet hennar er gjennomført ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Institutt for velferd og deltaking, bachelor i sosialt arbeid. Ho har vore stipendiat ved ph.d.- programmet helse, funksjon og deltaking ved Fakultet for helse -og sosialvitskap, HVL.

Studie II og III i doktorgradsprosjektet er gjennomført i samarbeid med Forskingsgruppa ved Regionalt Kompetansesenter for rusmiddelforsking ved Stavanger universitetssjukehus (KORFOR).

Prøveforelesning 

Torsdag 22. august 2024 kl. 10:15 i Aud. Storen, campus Sogndal.
Tittel på prøveforelesing: Recovery blir i aukande grad forstått som ein sosial og kontekstuell prosess: kva inneber dette for helse- og velferdspolitikk og -tenester?

Disputas

Torsdag 22. august 2024, kl. 13:00 i Aud. Storen, campus Sogndal.

Lenke til strøyming av prøveforelesing og disputas (zoom-webinar):
https://hvl.zoom.us/j/65158403603?pwd=USZKy8AS8vzE8b1zbaNWpUyzbek5RI.1

Sakkundig komite

Professor em. Marit Borg, Universitetet i Sørøst-Norge (førsteopponent)
Professor Anette Skårner, Göteborgs Universitet, Sverige (andreopponent)
Professor Vegard Fusche Moe, HVL (leiar av komiteen)

Disputasleiar

Dekan ved Fakultet for helse-og sosialvitskap  Randi Skår

Rettleiarar

Professor Lillian Bruland Selseng (hovudrettleiar)
Professor Christian Moltu (medrettleiar)
Professor Jone Ravndal Bjørnestad, Universitetet i Stavanger (medrettleiar)