Glöð

Glöð (Glød) er ei tverrfagleg forskingsgruppe på brannsikkerheit. Me forskar på tema som er relevante for brannsikkerheit, frå brannar sin oppførsel til helserisko for brannfolk.

For å vera med på å utvikla naudsynt kunnskap, arbeider Glöð (Glød)  både eksperimentelt og numerisk – og kombinerer når det trengs naturvitskap og samfunnsvitskap.

Me arbeider for å forstå brann som fenomen, slik at sikkerheita mot brann kan betrast for alle borgarar, unge som gamle, og for samfunnet som heilskap.  Forsøk med ulmebrannar og væskebrannar er døme på forskingsaktivitetar Glöð gjennomfører for å forstå på fundamentalt nivå korleis brannar utviklar seg.  Ut frå slike forsøk, utviklar me teoretiske verktøy som kan føreseia utviklinga for nye situasjonar.

Men for å betra brannsikkerheita, er det ikkje nok å forstå korleis brannar startar, utviklar seg og kan sløkkast.  Brannsikkerheit har alltid med menneske å gjera.  Gjennom måten dei oppfører seg og reagerer på, kan personar hindra brannar eller forårsake brannar.  Under naudevakuring kan vala einskildpersonar tar, vera avgjerande.  Dessutan vil evna til å reagera sakssvarande på brannar (førebyggjing, evakuering) variera mykje.  Dette kan lesast ut av brannstatistikkar, der såkalla sårbare grupper (eldre, funksjonshemma) er sterkt overrepresenterte.

Me samarbeider med brannvesen og industri – og med forskarar ved institusjonar i Noreg og utlandet.

Pågåande forskingsprosjekt:

Forskargruppeleiar

bilde av Vidar Frette

Vidar Frette

Professor