EuropaVox Campus

Av Øystein Kvinge.

EuropaVox Campus er eit EU-finansiert prosjekt som er koordinert av festivalprodusenten EuropaVox og kor HVL er partnar saman med universitet frå Tyskland, Frankrike, Romania og Litauen. Målsetjinga med prosjektet er å stimulere til studentmobilitet og til kulturelle møter på tvers av landegrensene. EuropaVox Campus er organisert rundt lokale tevlingar på kvart campus kor ein lokal jury kårar det bandet som skal delta på den internasjonale finalen.

Underteikna koordinerte arbeidet med å vere vertskap for den andre utgåva av EuropaVox Campus på Stord mellom 15. og 19. april 2024. Programmet for veka reflekterte dei overordna ideane bak prosjektet: «Music and democracy.» Tema vart spesielt handsama av gruppa MakeSense! som gjennom veka, og i tida etterpå, publiserte artiklar, podcastar og videokutt som diskuterer tema. Desse er publisert på EuropaVox si nettside på lenka nedanfor.

Dei 75 deltakarane fekk erfare vår vestnorske perspektiv på Europa gjennom vår rolle knytt til energiforsyning i ei uroleg tid. Deltakarane vitja Aker Stord og Fitjar Vindmøllepark. Community-music-aspektet vart synleggjort gjennom fest og jamsession i grendehuset Samhald. Eigne og eksterne lærarkrefter tilbaud workshops i trommesirkel, Shanty song, rørsle & dans og sound painting. Vår internasjonale finale var arrangert på konsertstaden Arena, kor vi også hadde arrangement med elevband frå Stord vgs, og «moving debate» med inviterte deltakarar frå Stord folkehøgskule. Vinnarane av tevlinga for studentband var HVL sin kandidat, Inmanis.

EuropaVox campus vert i 2025 arrangert i Regensburg i Tyskland. Øystein arbeider med å legge til rette for lokal tevling på HVL i februar 2025 kor vinnaren får reise til neste års internasjonale finale. Det foregår arbeid i prosjektgruppa med å utvikle kompetansesertifikat for dei deltakande studentane etter malen for YouthPass.

Europavox Campus - Aftermovie 2024

Les meir på nettsida til EuropaVox Campus.