Trening, utvikling og prestasjon
Forskargruppa jobbar tett på samspelet mellom trening, utvikling og prestasjon for ulike grupper. Prestasjon tolkast breitt og innfattar alt frå idrettsprestasjon til betring i fysisk funksjon. I tillegg tek fleire prosjekt utgangspunkt i ulike idrettar som uthaldsidrettar, styrkeløft, fotball, handball og klatring.
Forskargruppa jobbar tverrfagleg innanfor ulike fag- og forskingsdisiplinar og nyttar både kvalitative og kvantitave tilnærmingar. Målet er vera «tett på» praksisfeltet, lære av det, bidra til utvikling og minske avstanden mellom erfarings- og evidensbasert kunnskap. Forskinga til gruppa har relevans frå fleire samfunnsaktørar, eksempelvis idretten, treningssenterbransjen samt helse- og rehabiliteringssektoren.