Vestlandsk forskargruppe for eigedomshistorie

Målsettinga med forskargruppa er å fremme kunnskapen om eigedomshistoria.

Fast eigedom er ein vesentleg faktor i det norske samfunnet, så vel for dei som eig eigedommane som for dei som har rettar knytt til eigedommane. Samstundes kan det å få oversikt over kva ein grunneigedom eigentleg består av vera ei krevjande oppgåve. Særskilt utfordrande kan det vere om rettane blei etablert langt tilbake i tid.

Målsettinga med vår forskargruppe er å fremme kunnskapen om eigedomshistoria, ei historie som har mange utgangspunkt og vel så mange avvik frå utgangspunkta. Ei målsetting bak arbeidet er tanken om at auka kunnskap kring eigedomshistoriske forhold også vil vere viktig for å auke rettstryggleiken til dei som i dag opplever eigedomsrettslege problemstillingar.

Gruppa vil bli ein viktig fagressurs for deltakarane sjølve, men på sikt også gi viktige bidrag til eit samfunn kor eigedom meir eller mindre direkte påverkar innbyggarane. Vi skal òg vere eit vesentleg bidrag til dei som treng kunnskap om eigedomshistorie i sitt virke, eller har spesielle interessefelt som krev eigedomshistorisk gransking. Eit anna tungtvegande siktemål er å engasjere studentar innafor fleire fagretningar til å sjå nytta av eigedomshistorisk kunnskap i deira utdanning. Også i dag er eigedomshistorie eit langt meir aktuelt tema enn det mange trur.

Forskargruppa skal ha ei samling i semesteret. Utover samlingane vil det meste av aktiviteten gå føre seg i digitale rom. Det digitale arbeidsrommet bygger på tre grunnlag; å redusere klimaavtrykket, fokus på primærkjeldene, og å utgjere eit bidrag til korleis framtidas forskargrupper kan og bør vere organiserte. 

Sjå innlegg frå forskergruppa sin blogg (no lagt ned).

Her er det lagt til rette for deling av kjelder, diskusjonar i interne forum, høve til å halde nettbaserte føredrag og for opptak av føredrag som seinare kan gjerast ope tilgjengeleg på nettsida. Store delar av nettsida er open for ålmenta slik at dei som er interesserte, kan få eit betre innblikk i det å arbeide med eigedomshistoriske kjelder.

Forskargruppeleiar: