HVL-konferansen

Velkomen til HVL-konferansen onsdag 7. mai 2025. Årets tema: Kunstig intelligens (KI) si påverknad på undervising, forsking og administrasjon

HVL-konferansen vert arrangert for fjerde gong i 2025. Tema er korleis kunstig intelligens (KI) påverkar høgare utdanning og forsking. Konferansen rettar seg mot HVL-tilsette, studentar og samarbeidspartnarar. Gjennom innlegg vil tema som KI i undervising, forskingssamarbeid, og administrativ bruk bli belyst. Medlemmar av HVL si eigen KI koordineringsgruppe spelar ein sentral rolle i arrangementet. Konferansen vert avslutta med ein paneldebatt kor barrierar og moglegheiter for KI i akademia diskuterast, med deltaking frå ekspertar og leiarar.

Konferansen vert strøyma frå Mimes Brønn med moglegheit for å delta fysisk kl. 13:00-15:45.
Konferansier: Andrea Grutle, leiar for Studenttinget på Vestlandet.  

Vel møtt!

Lenke til stream kjem på denne sida.

 

Sjå program og opptak frå tidlegare konferansar 

HVL- konferansen 2024 HVL-konferansen 2022 HVL-konferansen 2021