Øyvind Glosvik
«Samskaping mellom fou og praksisfelt – erfaring og utfordringar»
Øyvind Glosvik er Dr.polit og dosent i organisasjonsfag ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Glosvik har vore knytt til BARNkunne – senter for barnehageforskning sidan dette vart oppretta, og var dei første åra ansvarleg for arbeidspakken «Den kompetente barnehagen», som retta søkelys på kunnskapsutvikling, læring mellom personalet og utvikling av profesjonalitet i barnehagen. Han har deltatt i samarbeidet BARNkunne har hatt med Bergen kommune i et pilotprosjekt for utprøving av nye samarbeidsformer for samskaping og kunnskapsskaping mellom forskere og barnehager. «Verkstad» er eit omgrep som blir brukt om den arbeidsforma som er blitt utvikla og vidareført i regi av BARNkunne – senter for barnehageforskning, og Glosvik deltek i det vidare arbeidet med utvikling av og publisering frå dette forskingsområdet.
Undervisninga hans er knytt til etter- og vidareutdanning og studier på masternivå for deltidstudentar frå utdannings- og oppvekstorganisasjonar. Han har hatt ansvar for slike utdanningar sidan tidleg 2000-talet, og har gjennom møtet med barnehaglærarar og andre profesjonsutøvarar som er i ferd med å ta på seg leiaransvar blitt særleg opptatt av grenseflata mellom akademisk utdanning og praksisutvikling. Han rettar gjennom forsking, publisering og formidling søkelys på dei utfordringane tett samspel medfører. For Glosvik framstår «førstelinjeleiarar» og rolla som leiar av faglege aktivitetar på grasrotnivå som grunnleggjande viktig. Rollene som styrar i barnehagen, dei pedagogiske leiarane og måten dei så og seie regulerer samspelet mellom kunnskapskjelder i omverda og eigen barnehag kjem i søkelyset i det systemiske samspelet vi kallar «samskaping».
Abstract:
Omgrepet «epistemologi» handlar om kva vi oppfattar som kunnskap, korleis kunnskap blir til og tradisjonelt framtrer. Når aktørar frå høgre utdanning og forsking møter studentar eller tilsette i barnehager kan ulike kunnskapstypar bli utfordra. I nokre tilfelle vert ny kunnskap skapt. Vi kallar det «samskaping». Dette innlegget handlar om erfaringar frå slike møte i regi av BARNKunne - senter for barnehageforsking. Formålet er å kaste lys over, og arbeide oss vekk frå, eit uproduktivt skilje mellom «teori» og «praksis».
Det blir tatt utgangspunkt i idéen om at det eksisterer eit potensielt «tredje rom» mellom klasserommet og barnehagen. Medan undervisning i første rekkje handlar om formidling av etablert kunnskap, handlar den utøvande praksisen om å drive barnehagar frå dag til dag. Epistemologisk framstår det ei spenning mellom «undervisning» og «drift». Rettar vi søkelyset på kunnskapsutvikling, framstår det ei spenning mellom «forsking» og «utvikling». Gjennom omgrepet «det tredje rommet», spør vi om det eksisterer produktive møte mellom «det første rommet», som er barnehaganes praksis og «det andre rommet», som i denne språkbruken er høgskulanes konvensjonelle undervisning og forsking.
Innlegget drøftar erfaringar frå prosjekt i regi av BARNKunne - senter for barnehageforsking. Det første handlar om eit samarbeidstiltak mellom fire barnehagar i Bergen kommune og oss, det andre om erfaringar med organisering av verkstader som undervisningsmetode i barnehagelærarutdanninga. Begge prosjekta er del av EX-PED-LAB, der vi utviklar verkstedsmetodologien for å skape innovasjon i pedagogisk praksis i barnehage og barnehagelærerutdanning.