Norske historiedagar 2023
Velkommen til Norske historiedagar i Sogndal 8-10.september 2023
Norske historiedagar er den største nasjonale møteplassen for faghistorikarar i Noreg. Her treffast historikarar på tvers av sine fagfelt og interesser, og det er ein viktig fagleg og sosial arena for historikarlauget.
I år blir Norske historikardagar arrangert ved HVL campus Sogndal frå 8. til 10. september. Hovudtema er Krise og endring. Du finn naudsynt informasjon på felta nedanfor.
Påmelding for konferansen er stengt.
Hovudtema
Hovudtema for Norske historikardagar 2023 er krise og endring. Kriser dominerer nyheitsbiletet, og slik har det vore ei stund. Dei mange krisene som vil følgje av menneskeskapte klimaendringar, pandemien, energikrisa og krigen i Ukraina, for å nemne nokre.
Innafor historiefaget har vi gjeve kriser ulik betydning. I nokre tilfelle har ein brukt dei til å forklare dramatiske brot, der heile samfunn har gått under utan å etterlate seg stort. I andre tradisjonar, som til dømes innan økonomisk historie, har ein sett på «kreativ øydelegging» som naudsynte innslag i ei dynamisk utvikling. Videre kan respons på kriser bli brukt som forklaring på endra utviklingslinjer, både på godt og vondt. Forteljingar om kriser er elles ein viktig del av ulike minnekulturar, og dei blir gjerne brukt til å legitimere maktstrukturar.
Alt i alt trur vi ikkje dette er eit tema som vil skape krisestemning innan det norske historikarlauget, og vi ser fram til interessante sesjonar og presentasjonar. Vi er sjølvsagt også opne for forslag som ligg utanfor hovudtemaet.
Generelt program
Fredag 8. september
11.00: Registrering, kaffe, Høgskulebygget utanfor Storen, 2.etg.
12.00: Åpning, første keynote: David Larson Heidenblad, Lunds universitet: “Vår hotade värld: Kunskapshistoriska perspektiv på mänskligt ansvar, från klimakrisen till svartedauden" Storen
13.00: Lunsj, Kantina
14.00-18.00: 3 x 5 parallellsesjoner i Storen, Stad, Ålfoten, Yggdrasil og Siv
18.30: Mottakelse i Kantina. Statsforvalter Liv Signe Navarsete, ordfører i Sogndal Arnstein Menes og HVL-rektor Gunnar Yttri. Utdeling av priser i HIFO-regi
20.00: Sosialisering, Dampskipskaien.
Lørdag 9. september
09.00: 6 parallellsesjoner i Storen, Stad, Ålfoten, Yggdrasil, Siv og 5041 Skriki
10.30: Andre Keynote: Anne Kveim Lie, UiO: "På liv eller død: kropper og institusjoner i krise" Storen
11.30: Lunsj, Kantina
12.30: 2 x 5 parallellsesjoner i Storen, Stad, Ålfoten, Yggdrasil og Siv
15.15: Paneldebatt: Krise og endring i historisk perspektiv, Storen
16.15 Årsmøte, HIFO, Storen
19.00: Festmiddag, hotellet
21.30 Underholdning v/Sogndal storband, hotellet
Søndag 10. september
11.00: Ekskursjoner
Sesjonsplan
Informasjon om påmelding
Alle deltakarar må melde seg på konferansen og betale konferanseavgift. Konferanseavgifta er på 900 kr, konferansemiddagen 1000kr.
Frist for påmelding er 1.august.
Overnatting
Deltakarane må sjølv sørge for overnatting. For nokon kan det bli vanskeleg å reise til Sogndal på ein formiddag. For desse kan det vere aktuelt å overnatte frå torsdag den 7. september.
Arrangøren har avtalt med Quality Hotel Sogndal at dei skal halde av 50 rom frå 7. til 10. september, og 50 rom 8. til 9.september. Dette står ved lag fram til 7. august. Prisane er kr 1365,- for standard rom og 1680,- for superior (per person per natt). Bestilling på e-post q.sogndal@choice.no eller på telefon 57 62 77 00. Bestillingskode er 016932.
Søndag 10.september er det tre forskjellige ekskursjonar ein kan delta på. Påmeldingsfrist 25.august for ekskursjonane.
Kaupanger stavkyrkje og Kaupanger hovudgard kl.11:00
Kaupanger stavkyrkje er ei stavkyrkje frå første halvdel av 1100-talet. Dendrokronologiske undersøkingar har vist at tømmeret i kyrkja vart hoggen i 1137/38. Kyrkja står i dag på eigedommen til Kaupanger hovudgard, og er den største av dei bevarte stavkyrkjene i Sogn. Namnet Kaupanger vitnar om at kyrkja i mellomalderen låg i tilknyting til ein handelsstad med bydanning, noko som gjer det freistande å hevda at Kaupanger stavkyrkje er den einaste bevarte «bykyrkje» i tre frå mellomalderen – ironisk nok er det bydanninga som i dag borte. Kyrkja har vore restaurert fleire gonger, noko utsjåande berar preg av. I 1862 vart ho utsett for ei temmeleg brutal modernisering, men ei ny restaurering i perioden 1959-65 prøvde å tilbakeføra utsjånad til slik det var på 1600-talet. Både dekoren og inventaret i kyrkja ber sterkt preg av 1600-talet. Døypefont, preikestol og altertavle stammar frå 1620- og 1630-åra og vart gitt som gåve av futen Gjøde Pedersen – som elles også grunnla Kaupanger hovudgard. For meir informasjon sjå: https://fortidsminneforeningen.no/museum/kaupanger-stavkyrkje
Kaupanger hovudgard er den staselegaste og rikaste garden ved Sognefjorden. Kaupanger hovudgard er blant landets største freda eigedommar i privat eige og er ein av dei største grunneigarane på Vestlandet. Sidan 1710 har godset vore i familien Knagenhjelms eige. Hovudhuset frå 1851/52 er rekna som eit arkitektonisk hovudverk innan senimperie i Noreg. For meir informasjon sjå: : https://www.hovedgaard.no/om-kaupanger-hovedgaard
Avgang frå hotellet 11:00, tilbake på hotellet ca. 13:30
Pris: 350kr
Fjørevandring i Sogndal kl.11:00
v/Aage Engesæter, tidlegare rektor ved Sogn og Fjordane distriktshøgskole og direktør ved De Heibergske samlinger.
Startar kl 11.00 utanfor Quality hotell Sogndal, ferdig ca 12:30
Den førindustrielle Sogndalsfjøra var opphaveleg ei landsbyliknande busetjing, der husmenn og tenestefolk frå gardane ikring var samla under kummerlege vilkår. Mestertyven Gjest Baardsen vaks opp i dette miljøet. Seinare blei området eit stadig viktigare knutepunkt for trafikk, og fekk eit aukande tilsig av handelsfolk og handverkarar. Denne utviklinga kulminerte ved slutten av 1800-tallet og byringa av 1900-talet. Frå slum til sentrum blir slik eit viktig tema for vandringa. Ho vil også ta for seg korleis det førindustrielle Sogndal seinare har blitt slukt av større einingar, og korleis dei tettbygde områda har spreie seg innover.
Gratis
Har du spørsmål, ta kontakt med oss