Velkomen til oppstartsseminar for MoveEarly
Her finn du informasjon om arrangementet og om MoveEarly-prosjektet
Din barnehage er trekt ut som 1 av 25 barnehagar som skal gjennomføre kompetanseutvikling innan bevegelse, leik og utforsking i barnehagen 2024-2026. Kompetanseutviklinga startar med oppstartsseminar
- for tilsette i Bergen kommune 31. oktober (prosjektgruppe) og 1. november (alle tilsette)
- for tilsette i Kidsa/Norlandia 7. november (prosjektgruppe) og 8. november (alle tilsette)
Program og påmelding
Bergen kommune Kidsa/NorlandiaOm MoveEarly
MoveEarly er eit stort tverrfagleg forskings- og utviklingsprosjekt med mål om å utvikle og fremme ein pedagogisk praksis i barnehagen med bevegelse, leik og utforsking som sentrale element. Dette gjer me gjennom å samarbeide med 25 barnehagar om utviklingsarbeid for ein slik praksis. Samtidig vil me skaffe meir kunnskap om korleis bevegelse, leik og utforsking påverkar barn si utvikling, læring og trivsel. Du finn meir informasjon om prosjektet her.