Konferanse om profesjons- og arbeidslivsretting

11. og 12. november 2019 arrangerer HVL ein intern konferanse om profesjons- og arbeidslivsretting.

Konferansen er open for alle tilsette og studentar ved HVL.

Stad: Kronstad, med to vegs strømming til dei andre campus (informasjon om rom kjem). 

Mål med konferansen er å kome eit skritt vidare med å operasjonalisere HVL sin strategi, knytt til det felles satsingsområdet Profesjons og arbeidslivsretting.

I følgje HVL-strategien handlar profesjons- og arbeidslivsretting om å sikre fagutvikling og kritisk refleksjon av kunnskapsgrunnlaget for utdanningane våre. Vi skal systematisk utvikle ny kunnskap som er relevant for profesjonsutøvinga, i eit spenningsfelt mellom akademisk og praksisbasert kunnskap i dei ulike utdanningane.

Men kva betyr dette for dei ulike fakulteta? Kva betyr det for studentane? Kva betyr det for den einskilde tilsette?

Dette blir hovudspørsmålet under konferansen.

Det faglege opplegget blir organisert rundt tre hovudtema:

  • Mellom forskning og praktisk erfaringsverden
  • Det ansvarlige universitet
  • Profesjonalisering eller deprofesjonalisering? Generalist eller spesialist?


Papersesjon:
Det blir arrangert ein eigen papersesjon der studentar og tilsette kan presentere sine perspektiv på konferansen sine hovudtema. Invitasjon til å sende inn abstrakt for presentasjonar/posters (250 ord) finn du på høgre sida. Frist for å sende inn abstrakt: 21.10.2019