Korleis påverkar fedmeoperasjonar helsa og livskvaliteten?

Mange menneske slit med alvorleg fedme. For nokre kan vektreduksjonsoperasjon vere ein god løsning. Men korleis påverkar ein slik operasjon helsa og livskvaliteten på lang sikt?

Ein stor studie
I denne studien følger vi 500 personar som har gjennomgått fedmeoperasjon. Vi samlar inn informasjon om helsa deira, både før og etter operasjonen, opp til 10 år etter at ein har gjennomgått operasjon. Målet er å finne ut korleis operasjonen påverkar ulike faktorar, for eksempel biverknadar, fysisk helse, psykisk helse og livskvalitet

To ulike operasjonar
Deltakarane i studien har gjennomgått to ulike typar operasjonar: Doudenal omkopling inneber at ein del av magen og tarmen fjerna/kopla om. Ved operasjonen gastric sleeve  fjernar ein 80% av magesekken.

Kva er målet med studien?
Vi vil finne ut korleis desse operasjonane påverkar helsa og livskvaliteten til pasientane på lang sikt. For di omlag 30% av dei som gjennomgår ein fedmeoperasjon ser ut til å gå opp att i vekt,  er det viktig å kartlegge prognose og faktorar som er assosiert ned dette. Studien kan bidra til å gi betre behandling til personar med alvorleg fedme.

 

Nøkkelinformasjon:

Hovedbidragsytere: John Roger Andersen, Villy Våge, Anny Aasprang, Eli Natvik, Pål Andre Hegland

Finansiering: Helse Førde HF, Høgskulen på Vestlandet, Helse Vest RHF.

Prosjektperiode: 2009-2025

Samarbeidande institusjonar: Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Helse Førde HF, Helse Fonna HF, Haukeland universitetssykehus, Helse Stavanger, California Pacific Medical Center, San Francisco, CA, USA, St. Olavs Hospital, Sykehuset Vestfold. Health Sciences Research Centre, University of Roehampton, London, UK, Duke University School of Medicine, Durham, North Carolina, USA.

Cristin: Helse og livskvalitet før og etter kirurgisk behandling for sjukleg overvektCarrying the weight of uncertainty: Patients' long-term experiences after bariatric surgeryBeing, Becoming and Doing Weight: Embodied Identity and Life Story following Weight Loss SurgeryThe Patient-Reported Outcomes in Obesity (PROS) questionnaire