Professor Akkelies van Nes.

Berekraftig by- og samfunnsutvikling

For å nå berekraftmåla må vi skape gode løysingar for infrastruktur og transport, utvikle energieffektive løysingar, ta omsyn til naturmangfald og økosystem og skape samfunn som er gode å leve i. HVL har brei forsking på berekraftig by- og samfunnsutvikling.

Viktige tema i forskinga vår er mellom anna transformasjon av byområde, energieffektiv rehabilitering av eksisterande bygg, arealplanlegging, eigedomshistorie og juridiske spørsmål knytt til eigedom og jordskifte.

Profilområdet inkluderer også forskarar som jobbar med samfunnsøkonomiske problemstillingar knytt til by- og regionaløkonomi, og samfunnsvitarar og historikarar som jobbar med eit breitt spekter av problemstillingar knytt til korleis ulike stader, menneske og institusjonar blir endra.

Under finn du informasjon om forskargruppene ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap som er knytt til temaet bærekraftig by- og samfunnsutvikling.