Energi, natur og miljø

Det blir stadig viktigare å finne ut korleis vi skal handtere klimaendringar og ivareta miljøet på ein betre måte.

Våre fagmiljø innan teknologi, naturvitskap, samfunnsvitskap og økonomi, forskar mellom anna på fornybar energiteknologi som hydrogen, solcelle- og batteriteknologi og energieffektive materialar. Vi forskar også på korleis vi kan handtere geofarar og restaurere og minske øydelegging av naturmangfald, økosystem og jordbruksareal.

Under finn du informasjon om forskargruppene ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap som er knytt til temaa energi, natur og miljø.