Natalia Mæhle.

Innovasjon og leiing

Innovasjonar og gode leiingsmodellar er viktige for å løyse dei store utfordringane i samfunnet.

Sentrale tema for forskinga innanfor dette profilområdet er ansvarleg innovasjon, berekraftig samfunnsomstilling og korleis bedrifter og næringar kan bidra til verdiskaping utan å øydeleggje miljøet.

Andre sentrale tema er leiingsutfordringar i ulike kontekstar, marknadsføring, turisme i rurale område, digitalisering, berekraftrapportering og innovasjon og styring i offentleg sektor.

Under finn du informasjon om forskargruppene ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap som er knytt til forskingsområdet innovasjon og leiing.