Professor Lise Bjørkhaug Gundersen

Teknologi i helse og omsorg

Helsesektoren vil møte store utfordringar som følge av demografiske endringar dei kommande åra. Ny helse- og velferdsteknologi kan bidra til å løyse mange av utfordringane.

Vår tverrfaglege forsking på teknologi i helse og omsorg inkluderer fagmiljø innan helseinformatikk og biomedisinsk analyse. Vi forskar mellom anna på på korleis nyttiggjering av IKT-baserte løysingar kan gi oss betre helsetenester, og på korleis vi kan auke bruken av ny teknologi i prøvetaking og analyse.

Under finn du informasjon om forskargruppene ved Fakultet teknologi, miljø- og samfunnsvitskap som er knytt til temaet teknologi i helse- og omsorg