Syklist

FACT - Førde Active Transport Study

Ein fysisk inaktiv livsstil kan ha negative følgjer for helsa vår, til dømes i form av hjarte- og karsjukdommar og fedme. Samtidig må vi vedgå at vi ikkje kan halde fram med å vere avhengige av fossildrivne bilar dersom vi tar miljø- og klimaproblema på alvor. Det er difor behov for tiltak retta mot folk flest som kan gjere det enklare for oss å vere fysisk aktive. Å leggje til rette for at folk kan sykle eller gå når dei skal ein plass («aktiv transport») er eit slikt tiltak.

FACT-studien handlar både om det forskarane kallar aktiv transport og berekraftig mobilitet. Begge felta har dei siste åra fått mykje merksemd, både i politikk og akademia.

Studien vil gi forskarane meir kunnskap om kor vidt sykling betrar helsa og helserelatert livskvalitet og reduserer sosial ulikheit i helse. Vi har god dokumentasjon på at fysisk aktivitet er bra for helsa, men det har vore utfordrande å auke fysisk aktivitet i dei delar av befolkninga som ikkje allereie driv idrett eller anna fysisk aktivitet på fritida.

I denne studien vil vi undersøke kva som påverkar oss når vi vel om vi skal sykle eller ikkje, og helseeffekt av sykling.

Korleis vil Førdepakken påverke transportvala til innbyggjarane?

Førdepakken inneheld ei satsing på gang- og sykkelvegar i og rundt Førde på 1 milliard kroner dei neste åtte åra. Vi vil sjå på korleis Førdepakken vil påverke transportvala til innbyggjarane i Førde. Vil fleire ta i bruk sykkelen?

Studien er tverrfagleg og omfattar fleire arbeidspakkar. HVL finansierer ein del av studien sjølv (ei såkalla «baseline-spørjeundersøking» i 2017). Neste del av studien blir gjennomført når den eksterne finansieringa er på plass.

I første omgang skal vi gjennomføre ei langsiktig undersøking av helseeffekt, og på transportvanar i Førde etter oppgraderinga av gang- og sykkelvegnettet i Førdepakken.

Lukkast vi med å få ekstern finansiering, vil vi i tillegg undersøke følgjande:

  1. Effekt av el-sykling på fysisk aktivitet og helse hos eldre vaksne (60-69 år).
  2. Moglege direkte og indirekte helsefordelar og tilhøyrande miljøfordelar ved å fremme sykling gjennom arealplanlegging og investeringar i ny infrastruktur.
  3. Om tilrettelegging for sykling har ein helseøkonomisk verknad.
  4. Korleis ein utviklar ein sykkelby

Vi vil formidle kunnskapen frå studien både til ålmenta og styresmaktene.

Utval og datainnsamling

Folk som jobbar i det offentlege i Sogn og Fjordane, Aust-Agder og Vest-Agder blir inviterte til å svare på eit nettbasert spørjeskjema i 2017. Dei som svarar på undersøkinga vil bli spurd om å fyllet ut eit nytt spørjeskjema i 2021, og desse svara skal hjelpe forskarane å finne ut om deltakarane tenker annleis om kor vidt dei skal ta sykkelen når dei skal ein stad.

Stasjonære trafikkteljarar langs vegane i Førde registrerer sykkelåtferd fortløpande og gjennom heile prosjektperioden.

Data frå studien vil bli kopla til norske helseregister for å undersøke årsaksspesifikk dødelegheit, sjukdom, sjukehusinnlegging og medisinbruk for å undersøke effekten på helsa. I tillegg skal vi gjennomføre ein randomisert kontrollert studie (dvs. at deltakarane blir plukka ut tilfeldig), kvalitative intervju, gjennomgang av den relevante vitskaplege litteraturen og case-studiar.

Prosjektgruppe

Vi har sett saman ei fagleg brei prosjektgruppe med forskarar frå HVL, Helse Førde, Vestlandsforsking, Universitetet i Agder og Norges idrettshøgskole. I tillegg samarbeider vi med fleire internasjonale institusjonar. Førde kommune, Statens Vegvesen og Sogn og Fjordane Fylkeskommune er samarbeidspartnarar i studien.

Rådgivande gruppe

  • Willem van Mechelen, VU University Medical Center, Nederland
  • Jim Sallis, University of California, USA
  • Nick Cavill, Cavill Associates Ltd, Storbritannia
  • Ingrid Hendriksen, Nederland

Prosjektleiar