Negotiating Values in Norwegian Teacher Education (NeVa)

Negotiating Values in Norwegian Teacher Education er eit fireårig tverrfagleg prosjekt finansiert av Norges forskningsråd. Forskingsprosjektet handlar om verdiar i lærarutdanninga.

Forskningsrådsprosjektet Negotiating Values in Norwegian Teacher Education (NeVa) har som overordna mål

1) å få kunnskap om korleis lærarutdanningane legg til rette for forhandling om dei overordna verdiane i læreplanen og

2) å utvikle ein verkstadmetodikk som gir lærarstudentar og lærarar kunnskapar om verdiforhandlingar og betre ferdigheiter i å utøve ei forhandlande undervisning.

NeVa er eit samarbeidsprosjekt mellom lærarutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), og universiteta i Agder (UiA), Stavanger (UiS), Loughborough, York og Bedfordshire i Storbritannia og Fridalen skule i Bergen. Prosjektet vil utforske og samanlikne korleis skulen sine overordna verdiar er tematisert og undervist om i norsk og engelsk lærarutdanning.

Lenke til prosjektnettside i Cristin: Negotiating Values in Norwegian Teacher Education (NeVa)