Forskingsområda

NeVa-prosjektet har tre forskingsområde, organisert i tre vitskaplege arbeidspakkar.

Arbeidspakke 1: Politisk og filosofisk rammeverk

NeVa sin arbeidspakke 1 undersøker det politiske og filosofiske rammeverket for LK20.

Dei overordna måla for NeVa arbeidspakke 1 er:

  •  å undersøke det gjeldande rammeverket for opplæringa som eit produkt av verdiforhandlingar i politisk og samfunnsmessig kontekst.
  • å undersøke kva grunnleggande politiske og verditeoretiske prinsipp som har vore styrande for fastsettinga av kjerneverdiane i LK20, med fokus på dei tre utvalde verdiane menneskeverdet, identitet og mangfald, kritisk tenking og etisk bevisstheit.
  • å analysere den indre samanhengen i LK20 mellom dei grunnleggande prinsippa og den tekstlege konstruksjonen av verdiane, samt å studere kor effektivt verdiane er omsette/kan omsettast i pedagogisk praksis.

Arbeidspakke 1 skal svare på følgjande forskingsspørsmål:

1. Kva er det normative, juridiske og politiske rammeverket for offentleg utdanning, og korleis oppstod LK20-læreplanen som eit resultat av politiske og samfunnsmessige forhandlingar om verdiar?

2. Kva grunnleggande prinsipp dannar dei politiske og teoretiske kontekstane som fastset LK20-læreplanens kjerneverdiar?

3. Er det samanheng i LK20-læreplanen mellom dei grunnleggande prinsippa og den tekstlege konstruksjonen av verdiane? Korleis er desse verdiane meint å vere konstituerande for pedagogikk og praksis i utdanninga?

Arbeidspakke 2: Verdiforhandlingar i lærarutdanninga sine tekstar og klasserom i Norge og i Storbritannia

NeVa sin arbeidspakke 2 undersøker verdiforhandlingar i lærarutdanninga sine tekstar og klasserom i Norge (HVL, UiS og UiA) og i Storbritannia (York og Bedfordshire).

Overordna mål for NeVa arbeidspakke 2 er å undersøke korleis lærarutdanningsinstitusjonar i Norge og Storbritannia legg til rette for undervisning og forhandling om dei tre utvalde verdiane: menneskeverdet, identitet og mangfald, kritisk tenking og etisk bevisstheit. Eit PhD-prosjekt i norsk/engelsk litteraturdidaktikk er knytta til denne arbeidspakken.

Arbeidspakke 2 skal svare på følgjande forskingsspørsmål:

  1. Korleis forstår norske universitetslærarar og studentar dei utvalde kjerneverdiane i LK20, og korleis forstår britiske universitetslærarar og studentar Storbritannias ‘grunnleggande britiske verdiar’?
  2. I kva emne og gjennom kva tekstar og metodar blir lærarstudentar i Norge og Storbritannia kjent med dei grunnleggande verdiane i læreplanen, og kva utfordringar møter dei i denne prosessen?
  3. Kva ord og uttrykk bruker lærarstudentar og lærarutdannarar når dei snakkar om- og diskuterer verdiar og verdiforhandlingar, og korleis kan språkvalet deira, inkludert bruken av metaforar, oppfattast og erfarast som inkluderande?

Arbeidspakke 3: Verdiforhandlingar i lærarstudentane si praksisopplæring i Norge og Storbritannia

NeVa sin arbeidspakke 3 undersøker verdiforhandlingar i lærarstudentane si praksisopplæring i Norge (HVL, UiS, UiA) og Storbritannia (York).

Overordna mål for NeVa AP3 er å utforske korleis lærarstudentar i Norge forstår og opplever verdiforhandlingar og mogleg undervisning av kjerneverdiar i deira praksis som lærarstudentar i skular i Norge og Storbritannia (York).

Arbeidspakke 3 skal svare på følgjande forskingsspørsmål:

  1. Kva tilnærming har lærarstudentar i Norge og Storbritannia til verdiforhandlingar i praksisopplæringa?
  2. På kva måte er verdiar tematisert i praksisopplæringa? Korleis støttar praksisrettleiarane lærarstudentane si undervisning om verdiar i skulen? Korleis kan NeVa sine samskapende verkstadmetodikk bidra til verdiforhandlingar i studentane sin praksis?
  3. Eit PhD-prosjekt skal undersøke korleis norske 7.-klasse elevar forstår og forhandlar dei tre utvalde grunnleggjande verdiane LK20 (menneskeverdet, identitet og mangfald, kritisk tenking og etisk bevisstheit). PhD prosjektet skal også undersøke korleis NeVa sin verkstadmetodikk best kan utformast for å støtte forhandling og undervisning av verdiar blant norske grunnskuleelevar.