Om prosjektet
På denne sida kan du lese meir om NeVa-prosjektet og bakgrunnen for prosjektet.
LK20 ‘Verdiløftet i skulen’ i europeisk kontekst
I 2020 lanserte norske styresmakter den nasjonale utdanningsreforma Kunnskapsløftet i skulen (LK20). Reforma vart presentert som eit ‘verdiløft i skulen’ (Udir, 2021) og hadde som mål å fremje ‘sentrale samfunnsverdiar som både er fundamentet for demokratiet og som bind saman det norske samfunnet’ (LK20). LK20 identifiserer seks sentrale verdiar henta frå den kristne og humanistiske kulturarven som ‘grunnmuren’ i skulens verksemd: menneskeverdet; identitet og kulturelt mangfald; kritisk tenking og etisk bevisstheit; skaparglede, engasjement og utforskartrong; respekt for naturen og miljøbevissthet; demokrati og medvirkning (LK20, overordna del).
NeVa forstår den norske utdanningsreforma LK20 i samanheng med større diskusjonar både i Norge og Europa om kva som er «norske» og «europeiske verdiar». Desse verdiane blir ofte framstilte som å vere under press på grunn av geopolitiske utfordringar, auka mangfald, auka intoleranse, og framveksten av populisme og ekstremisme (EU-kommisjonen, 2020). Europarådets referanseramme for kompetansar for demokratisk kultur (RFCDC, 2018) gjev ei systematisk tilnærming til alle utdanningsnivå, med mål om å utstyre unge menneske med 'alle kompetansane' som er nødvendige 'for å forsvare og fremje' det som løftast fram som 'hjørnesteinane i den europeiske kulturen': menneskeleg verdigheit og menneskerettar, kulturelt mangfald, demokrati, rettferd, likskap, likestilling og rettstryggleik.
Dei europeiske landa definerer grunnleggande verdiar i skulen på forskjellige måtar. Til dømes har alle skular i Storbritannia (England og Wales) vore lovpålagte å ‘aktivt fremje’ ‘grunnleggande britiske verdiar’ som ein del av elevane si åndelege, moralske, sosiale og kulturelle utvikling sidan 2015.
Det er ikkje klart korleis desse verdiane skal tolkast og operasjonaliserast i skulen sin daglege praksis. Den norske skulen er ein fleirkulturell møteplass for ulike verdisett, og det kan føre til spenningar i desse verdimøta når politisk definerte verdiar får karakter av å vere berande for heile det norske samfunnet. NeVa-prosjektet peiker på at LK20 gir lærarutdanningane eit oppdrag som kan synast både utfordrande og problematisk. Korleis skal utdanninga ruste studentane til å handtere verdimøtene i skulekvardagen samtidig som dei er formidlarar av overordna norske verdiar?
Kva skal NeVa-prosjektet undersøke og korleis?
NeVa-prosjektet konsentrerer seg om dei tre første av dei seks sentrale verdiane nevnt i LK20 overordna del: menneskeverdet, identitet og kulturelt mangfald, kritisk tenking og etisk bevisstheit.
Prosjektet søker innsikt i korleis skulen sine verdiar (formulert i overordna plan) vert handsama i norsk lærarutdanning si undervisning, pensum, planar og praksisopplæring, i eit komparativt perspektiv med grunnleggande britiske verdiar i lærarutdanninga i England.
Eit sentralt mål for NeVa-prosjektet er å utvikle metodar for forhandling om verdiar som støttar lærarane i deira arbeid med verdispørsmål og som bidreg til at studentane får utvikle evna til kritisk og dialogisk refleksjon.
NeVa oppfattar 'forhandling' som ein utforskande prosess som er sokratisk og dialogisk, som inneber refleksjon og erfaring, og som krev empatisk samhandling (Nussbaum, 1996, 2016). NeVa anerkjenner at verdiar kan bli utfordra, vere konfliktfylte og krevje forhandlingar mellom ulike aktørar i spesifikke samfunnspolitiske kontekstar og i utdanningsinstitusjonar. Verdiar og verdiforhandlingar er eksplisitt eller implisitt ein del av daglege sosiale interaksjonar mellom individ og grupper i samfunn lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.
I tillegg til Nussbaum sitt forhandlingsomgrep, vil NeVa arbeide med omgrepa refleksivitet (Ryan, 2015, Garnett & Vanderlinden, 2011, Gorski & Dalton, 2019) og anerkjenning (Fraser & Honneth, 2003, Honneth, 2007).
Tre forskingsområde og vitskaplege arbeidspakkar
NeVa har tre forskingsområde, organisert i tre vitskaplege arbeidspakkar. Les meir om forskningsområda og arbeidspakkane på denne sida: Forskingsområda - Høgskulen på Vestlandet).
Prosjektinformasjon i forskingsdatabasen Cristin: Prosjekt #2721181 - Negotiating Values in Norwegian Teacher Education (NeVa) - Cristin