Repeat – REthinking sustainable land use of PEATlands
I dette prosjektet vil vi kople fakta om karbonlagringsevne i myr og restaurering av myr saman med forståing av myrforvaltning, utvikle ny kunnskap om berekraftig planlegging og forvaltning av myr, og formidle dette til samfunnet, til forskinga, og til ålmenta.
Klimaendringar, tap av biologisk mangfald og lite berekraftig arealbruk truar økosystem og samfunn. Kunnskapsbasert planlegging og forvalting av dei store norske myrareala er viktig, for intakte myrer rommar et spesielt artsmangfald, og er bygde opp av tjukke torvlag, som inneheld mykje karbon.
Repeat vil utvikle gode og effektive metodar for kartlegging av kor djupe myrene våre er. Vidare vil prosjektet utvikle betre verktøy for å vurdere om metodane for restaurering av grøfta myrer er effektive. Sist, men ikkje minst, vil Repeat sette søkelys på utfordringar og paradoks i dagens myrforvaltning: Det er for eksempel strenge restriksjonar mot nydyrking og skogreising i myr, samtidig som grøfting av myr er tillate når ein bygger veg, vindkraftanlegg og hytter. For vindkraftutbygging er det i tillegg uklart kva som ligg i det eksisterande pålegget om å restaurere myrer etter at konsesjonsperioden er over.