Emerging peatland challenges and knowledge needs – den andre framtidsverkstaden i Repeat

Korleis skal vi gå fram for å løyse utfordringane i myrforvaltinga i Noreg, og kva kan Repeat bidra med i dette arbeidet? Det var rammene for andre framtidsverkstad, som gjekk av stabelen i Bergen 12.-13. mars 2024. Med utgangspunkt i den breie kartlegginga som vart gjort i 2022, under første verkstad, la forskarar og partnarar i prosjektet fram synspunkt og resultat frå arbeidet så langt.

Første dag av verkstaden fekk vi høyre om korleis Sabima arbeider med myr i skjeringa mellom myndigheiter og ålmente. Vidare fortalte Statsforvaltaren i Oslo og Viken om status for myrrestaurering i Noreg, og Statens vegvesen snakka om utfordringar knytt til planlegging og utvikling  av veg i myrrike strøk.

Ingrid K. Koren fra HVL presenterte resultater fra WP2.

Forskarane la i sin tur fram førebelse funn frå ulike arbeidspakkar. Julien Vollering, WP1, presenterte detaljerte kartleggingar som tyder på at estimering av myrareal og -djupne framleis er krevjande, sjølv med nye hjelpemiddel. Frå WP2 fortalte Ingrid K. Koren om endringar i synet vårt på myrene gjennom dei siste 100 åra, og Marte L. Vik la fram resultat frå ei kommande masteroppgåve om hyttebygging i Flå. Bente J. Rygg, WP3, formidla kva naboane til vindkraftanlegget på Okla meiner om det. Frå WP4 fortalte Knut Rydgren, Katinka Vloon og Inger Auestad om arbeidet med å estimere kor lang tid det vil ta å restaurere myr, med case frå Skottland, Grue, og Smøla. Til sist fortalte Inger Auestad, WP5, om korleis vi bruker resultat og perspektiv frå Repeat i undervisingsopplegg for elevar og studentar.

Reneè Kerkvliet-Hermans, koordinator for Peatland Code i IUCN UK Peatland Programme snakket om alternative måter å finansiere restaurering av myr på.

På andre dag av workshopen hadde vi invitert to representantar for IUCN UK Peatland Programme, som har jobba i ti år med å setje myr på den politiske dagsordenen, utarbeide tiltak og utforme politikk. Leiar Emma Hinchliffe fortalte om den britiske UK Strategy for peatland conservation and restoration, mens Reneè Kerkvliet-Hermans, koordinator for Peatland code, fortalte om alternative måtar å finansiere restaurering av myr.

Dei to dagane var fylte av interessant og nyttig informasjon og gode diskusjonar. Vi ser fram til det vidare samarbeidet i Repeat!