Kva gjer vi i REPEAT?
I det tverrfaglege samarbeidsprosjektet «REPEAT – Rethinking sustainable land use of peatlands» vil forskarar, offentleg forvalting og interesseorganisasjonar saman drøfte og utvikle ny kunnskap om berekraftig planlegging og forvalting av myr.
Målet er å finne ut korleis vi kan balansere omsyn til karbonlagring og biologisk mangfald mot utbyggingsbehov, med utgangspunkt i tre konkrete prosjekt for høvesvis vindkraft, veg- og hyttebygging.
Utvikling av nye metodar for kartlegging av myr, utrekning av karbonlagringsevne, og restaurering av myr vil basere seg på eksisterande og nye data i fire andre lokalitetar; to andre norske og to skotske. Kunnskapen frå prosjektet vil bli gjort tilgjengeleg, ikkje berre for forvaltning og forsking, men også for ålmenta, gjennom utvikling av undervisningsopplegg for barn og unge.
Prosjektets ambisjon er å utvikle verktøy for berekraftig planlegging og forvalting av myr, der ein tek omsyn til menneskelege behov og til naturen sine tålegrenser, både i dag og i framtida.
Arbeidet er organisert inn i fem ulike arbeidspakkar (WP1–5).