WP1 Estimering av karbonlager i torv

Hovudmål: Å måle karbonlager i myr i representative utviklingsprosjekt i fire studieområder, og vurdere kor presist karbonlager i myr kan bli estimert på større skala med fjernmålte (spesielt radiometriske) data.

Oppgåver

Vi vil undersøke tre områder med nylege eller pågåande utviklingsprosjekt (Okla vindpark, Turufjell hyttefelt, Ørskogfjellet E39) og eit tilleggsområde (Skrimfjella i Viken). I alle fire studieområde vil vi så langt som mogleg gjennomføre intensive målingar av myrdjupn, og lage presise estimat av karbonlager ved hjelp av myrvolum-metoden. Vi vil kartlegge arealet av myr, måle myrdjupn manuelt og med GPR (georadar), og bestemme karbontettleik frå torvprøvar. Der intensiv sampling ikkje er mogleg, vil vi samle inn data punktvis, etter stratifisert tilfeldig metode, og ekstrapolere djupn og tettleik frå desse dataa.

For Ørskogfjellet og Skrimfjella vil vi modellere myrareal og –djupn ut frå topografiske, radiometriske, og optiske prediktorar, og trene og validere estimata med feltmålingar. Vi vil videre utforske den prediktive nøyaktigheita til geostatistiske og ikkje-romlege statistiske modellar, så vel som maskinlæringsalgoritmar. Modellar for førekomst og djupn vil bli samanlikna med nasjonale myrdata, slik at vi kan vurdere om metoden vår kan auke presisjonen til eksisterande norsk myrkartlegging.

Arbeidspakken involverer akademiske partnarar og Statens Vegvesen (SVV).

Forskingsspørsmål

  • Kor mykje karbon per arealeining lagrar ulike typar av myr, og kor usikre er desse estimata?
  • Kor godt kan radiometriske data predikere areal og djupn på myr på landskapsnivå?
  • Kva dimensjonar av karbonlager i torv (areal, djupn, eller karbontettleik) gir opphav til størst usikkerheit på lokal- og landskapsskala?
bilde av Stein Bondevik

Stein Bondevik

Leiar for WP1