WP2 Planlegging av hytte- og vegprosjekt i myr
Hovudmål: å forstå korleis vi kan ta i bruk kunnskap om berekraftig myrforvalting i arealplanlegging.
Oppgåver
Vi fokuserer på planlegging av hytte- og vegprosjekt i Turufjell og Ørskogfjellet, i tråd med plan- og bygningslova (pbl). Akademiske partnarar, Statens vegvesen, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Flå kommune, og Sabima deltek i arbeidet i denne arbeidspakken. Vi ønskjer spesielt å undersøke kvifor dei strenge restriksjonane mot omdisponering av myr i samband med nydyrking og skogreising, ikkje gjeld ved veg- og hyttebygging. Vi brukar kvalitative metodar (dokumentstudiar, intervju, og feltobservasjonar) for å forske på korleis ulike sektorar og administrative nivå nyttar eksisterande kunnskap. Vi skal også utforske korleis miljø blir brukt som argument i planprosessar om myr, og kva aktørar som bruker ulike argument. Analysane vil spegle både prosessuelle og substansielle delar av planlegginga.
Forskingsspørsmål
- Korleis blir myr verdsett og vurdert av planleggingsmyndigheiter i hytte- og vegutbygging?
- Kva argumentasjonslinjer nyttar ålmenta i konfliktar rundt hytte- og vegbygging, og kva aktørar engasjerer seg i slike debattar?
- Korleis kan betre kunnskapssamarbeid mellom relevante aktørar auke integrering av miljøomsyn i arealplanlegging?
- Korleis har myr blitt verdsett, representert og brukt i Noreg gjennom tidene?