WP3 Utbygging og restaurering av vindkraft
Hovudmål: Å forstå korleis intakte torvmarker blir vurderte i konsesjonssøknadsprosessen, korleis kravet om restaurering etter konsesjonsperioden skal tolkast, og i kva grad denne tolkinga vil føra til reduksjon av framtidige karbonutslepp.
Oppgåver
Ved vindkraftprosjektet i Okla vil vi utforske korleis ulike aktørar vurderer intakt myr sin kapasitet til å lagre karbon, kontra andre omsyn (t.d. rein energi, visuelle effektar og utbyggingskostnadar). Arbeidspakka involverer faglege samarbeidspartnarar og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Fylkesmannen i Vestland, Stad kommune, Norwea og Sabima. Vi vil nytte kvalitative metodar, t.d. dokumentanalyse av konsesjonssøknader for vindkraft, og intervju med offentlege myndigheiter på ulike nivå (kommunar og NVE), og utbyggjarar.
Vi skal undersøke korleis NVE sine konsesjonsvilkår beskriv myrrestaurering og korleis utbyggjarar forstår desse omgrepa. Potensielle mål for restaureringssuksess vil bli vurdert i lys av erfaringar frå vasskraftutbygging. Til slutt vil vi samanlikne grøfta og restaurert myr med livssyklusanalysar (LCA) for å evaluere korleis produksjon av vindenergi påverkar myras globale oppvarmingspotensial. LCA vil bruke data frå WP1 for å undersøkje korleis vindkraftutbygging påverkar karbon-tilbakebetalingstida under ulike scenario, inkludert vern av myr og elektrisitetsproduksjon frå alternative kjelder.
Forskingsspørsmål
- Korleis blir myr verdsett og vurdert i søknadsprosessen for vindkraftkonsesjon?
- Korleis kan grøfta myr bli restaurerert etter konsesjonsperioden, til slik at ein tek omsyn til både miljømessige og lokale interesser, og korleis påverkar restaureringsmetodar samfunnet sin aksept for fornybar energi?
- Korleis er det globale oppvarmingspotensialet samanlikna mellom to LCA-scenario: vindkraftutbygging på myr, kontra vern av myr?