WP4 Restaurering av myr
Hovudmål: Å forbetre metodar for å evaluere restaureringssuksess, og for å identifisere optimale restaureringslokalitetar under ulike klimaendrings-scenario.
Oppgåver
WP involverer faglege samarbeidspartnarar og SVV, Fylkesmannen i Vestland, og i Oslo og Viken, og Sabima. Vi vil modellere framtidig utbreiing av trua høgmyr i SØ-Norge, basert på eit eksisterande datasett med 471 førekomstar av slik myr. Framskrivingar av høgmyrene si utbreiing i framtida, under ulike klimaendrings-scenario vil støtte val av optimale stader for framtidig restaurering. Vi vil nytte nye teknikkar innan økosystem- og artsutbreiings-modellering, slik at vi identifiserer korleis høgmyr responderer på biologisk relevante klimavariablar, og andre landskapsparametrar.
Vi vil også samanlikne metodar for å estimera restaureringssuksess (eller tid til fullført restaurering, eit velprøvd mål). I dette arbeidet vil vi bruke dei beste tilgjengelege dataa frå langsiktige studiar av myrrestaurering. For å få tilstrekkeleg lange tidsseriar, vil vi inkludere tidlegare vegetasjonsregistreringar frå Noreg (starta i 1998 og 2014), og frå Skottland (starta i 1996 og 1998).
Vi vil samanlikna kvar godt ulike mål estimerer restaureringssuksess: multivariate utrekningar (basert på artssamansetting) versus enklare, univariate utrekningar (artsrikdom, total dekning av plantegrupper, og miljøvariablar). Vi vil analysere multivariate data ved hjelp av den nye ordinasjons-regresjonsbaserte tilnærminga ORBA, og univariate data med lineære blanda effekt-modellar.
Forskingsspørsmål
- Kva blir den potensielle utbreiinga av høgmyr i Noreg under ulike klimaframskrivingar?
- Kva er forventa tid til fullført restaurering av myr, og er univariate tilnærmingar like gode som meir komplekse tilnærmingar?