WP5 Samskaping og formidling av kunnskap om myr
Hovudmål: Utvikle ny kunnskap om berekraftig planlegging og forvalting av myr saman med ulike aktørar, og dele denne kunnskapen med ålmenta.
Oppgåver
Vi vil gjennomføre tre verkstader der fagfolk, offentlege myndar og interesseorganisasjonar skal arbeide saman for å finne nye måtar å forvalte myr på. Alle partnarar vil involvere seg i arbeidspakka.
Dei to første verkstadane skal utforske utfordringar og kunnskapsbehov innan arealplanlegging, vindkraftlisensprosessar og restaurering, i nært samarbeid med WP2-4. I den tredje verkstaden vil alle aktørane i prosjektet utforske funn frå WP1-4. Målet er å skape nye modellar for kompleks miljøplanlegging. Desse modellane skal integrere kunnskap om myr i planlegging og restaurering av myr, både på nasjonalt og lokalt nivå.
Vi skal òg utvikle undervisingsstoff, og rettleie bachelor- og masteroppgåver, både ved Høgskulen på Vestlandet og ved Universitetet i Agder. I tillegg skal vi lage interaktive læringsopplegg for bruk i kunnskapssenter, eigna for ulike aldersgrupper frå barnehage til vidaregåande skule, og i tråd med nasjonale læreplanar i matematikk og natur- og samfunnsfag. Læringsprogramma vil omfatte ulike medietypar (skriftleg materiale, korte videoar etc.) og fokusere på torvmarkas multifunksjonalitet, rolla deira som terrestriske karbonlager, og konfliktar mellom ulike typar arealbruk. Vi vil integrere undervisningsmateriell frå utlandet (t.d. Skottland og Irland).
Forskingsspørsmål
- Kva slags utfordringar og kunnskapsbehov for planlegging, forvaltning og restaurering av myr finst på lokalt og nasjonalt nivå?
- Korleis kan vi utvikle situert, vitskapleg kunnskap om myr, og korleis kan kunnskapen gje betre avgjersler og auke sosial legitimitet i arealforvaltning og planlegging?
- Korleis kan vi formidle kunnskap om myr og arealbrukskonfliktar til ålmenta?