
Vindkraft, myr og tilbakeføring
Norsk vindkraftutbygging hadde ei kraftig auke i åra fram til 2019. Det har ført til auka oppmerksomheit rundt konsekvensane av vindkraftutbygging for natur og biologisk mangfald. Ein del av prosjekta som har fått konsesjon i denne perioden er også bygd i områder med myr, eller i områder som grensar til myr.
I arbeidspakke 3 ser vi på korleis myr vert vurdert og undersøkt i konsesjonsprosessen for vindkraft på land. I tillegg ser vi på korleis myrområder kan bli tilbakeført etter endt konsesjonsperiode, og kva hensyn som bør tas i denne prosessen. Vi ser også på klimaregnskapet ved å bygge ut vindkraft i myrområder samanlikna med andre områder, men mindre lagra karbon. Arbeidspakken har vindkraftanlegget på Okla i Stad kommune som case.
Vi har samla data frå vindkraftkonsesjonar i tillegg til at vi har gjort intervju med kommune, grunneigarar, NVE, Statsforvaltar og andre som brukar området rundt vindkraftverket på Okla. Vi finn at det tidlegare har vore lite fokus på myr i konsesjonsprosessen, myr vert gjerne omtalt som naturtype, men det har vore lite undersøkingar utover dette. Vi finn og at både NVE og dei involverte i vindkraftprosjektet på Okla verkar å ha ulike oppfatningar i kva som ligg i begrepet «tilbakeføring» og kva det bør innebere, spesielt gjeld vegane som er bygd.
Det er bygd ny veg for å få tilkomst til vindkraftprojektet på Okla.
Lokalsamfunnet har lagt vekt på å lage sitteområder og andre aktivtetar langs vegen opp til Okla.