Oppdateringer og nyheter
Haust 2024 - It's on!
I skrivande stund har vi samla inn:
- Bakgrunnsdata frå alle elevane
- 14 Elevintervju
- Utvida spørreskjema til lærarane som deltek i prosjektet
- Tusenvis av spørreskjema frå elevane, før og etter timen
- Resultat frå "Læringsoppgåver/prøve"
Det er hektiske dagar med datainnsamling: Fullt kjøyr med spørreskjema, filming, intervju og koordinering med skulen - så er det tilbake for å lade utstyr og førebu neste dag!
1. August: Snart klar for datainnsamling!
I heile år har vi jobba med å lande dei tekniske løysingane for datainnsamlinga til prosjektet. No begynner vi å bli fornøgd med resultatet.
Elevane skal svare på ein del spørreskjema, og repeterte spørreskjema før og etter undervisingstimane. For å løyse dette vil vi bruke SurveyXact. Dette verktøyet gjer det enkelt å sende ut skjema til rett klasse til riktig tidspunkt, i tillegg til at vi enkelt kan overføre data til behanlding og analyse.
Vi har også filma ulike skuletimar med forskjellige kamera og kameravinklar. Etter grunding testing har vi bestemt oss for å bruke programmvaren Irisconnect og to stk Iphone i kvart klasserom. På den måten får vi god oversikt og trygg databehanlding gjennom heile prosjektet.
Oxford 3.-6. Juni
Kort tid etter at Oxfordgjengen besøkte oss i Bergen, var det den norske gjengen sin tur til å besøke universitetet i Oxford. Som i Bergen var det produktive dagar der vi jobba vidare med løysingar og problemstillinar for SEMPER, etterfulgt av godt sosialt innhald på ettermiddagen.
SEMPER seminar i Bergen 27. og 28. Mai!
Heile teamet gleda seg vel og lenge til SEMPER seminar i Bergen. Vi hadde to dagar med (nesten) heile forskargruppa samla, for både fagleg og sosialt innhald!
Arbeidsøktene besto av faglege presentasjonar og diskusjonar i møterommet på HVL Kronstad. Her hadde vi også med oss internasjonale medlemmar som ikkje hadde høve til å reise til Bergen denne helga.
Når vi hadde så mykje flott besøk frå både Finland, Stavanger, Sogndal og Oxford så måtte vi såklart vise fram Fløybanen og Fløyresturanten!
Desse dagane fekk vi annledning til å bli mykje betre kjent på tvers av institusjonane og landegrensene. Vikige brikker for godt samarbeid i tida framover.
Kickoff i Sunnfjord!
Den 7. Mai hadde vi eit godt møte med lærarane i prosjektet, PPT og fleire av leiarane på Sunnfjordskulane. Her fekk vi annledning til å presantere prosjektet og dykke meir ned i detaljane.
Vi hadde gode diskusjonar, blant anna fekk vi diskutert oss fram til kva tema som prosjektet vil følgje elevane i.
Per i dag ser vi på