Smerte etter kirurgi - eit forskings- og innovasjonsprosjekt

Til tross for forbetring i smertebehandling og stadig utvikling i kirurgiske metodar, er smerte etter operasjon eit vedvarande problem som helsepersonell ikkje har greidd å løyse. Dette prosjektet involverer både forsking og innovasjon for å bidra til å løyse dette problemet.

Omtrent 30-50 % av pasientane har meir smerter etter operasjonen enn det som er tilrådeleg. Som eit resultat har dei auka risiko for komplikasjonar som infeksjonar, hjarteinfarkt, reinnleggingar og kroniske smerteproblem. Dette gjer smerte etter operasjonen ikkje berre til eit problem for pasientar, men også for helsepersonell og helsetenesta.

Engasjerte fagfolk med bakgrunn frå anestesi og akuttmedisin ved Helse Førde har starta eit initiativ som involverer både forsking og innovasjon for å bidra til å løyse dette problemet. Helse Førde HF og  Helse Vest har finansiert to ph.d.-prosjekt og eit regionalt innovasjonsprosjekt som ein del av initiativet. I tillegg er det grunnlagt eit privat selskap som utviklar utstyr for å forbetre effektiviteten i innsamlinga av pasientrapporterte smertedata.

Hans Jacob Westbye er anestesilege med bakgrunn frå luftambulanse- og redningshelikoptertenesta. Han forskar på korleis pasientar kan forbetre sin eiga smertebehandling etter operasjon, og brukar pasientrapporterte data for å tilpasse behandlingsplanen til pasientane sine individuelle behov.

I Westbyes Ph.d.-prosjekt fyller pasientane ut eit spørjeskjema før operasjonen som mellom anna inneheld ein tilpassa versjon av den  psykososiale kartlegginga Norse Feedback. Etter operasjonen rapporterer dei om smertene dei har, både på sjukehus og heime, i ein periode på inntil tre månadar etter operasjonen. Før operasjon er målet med prosjektet å identifisere dei pasientane som har høg risiko for høge smerter etter operasjonen. Identifikasjonen kan gi helsepersonell moglegheit til å innføre ytterlegare tiltak for å redusere risikoen for smerter. Vurderingane etter operasjonen tar sikte på å fange opp pasientar med høg risiko for å utvikle eit kronisk smerteproblem.

Den løpande risikovurderinga byggjer på pasientrapporterte data frå  både før operasjonen  og pasientane si rapportering av smerter etter operasjon, som monitorerer utviklinga av smerte over tid. Denne forskinga skal resultere i algoritmar for vurdering av risiko og som kan implementerast i klinisk praksis.

For å auke sjansen for vellykka implementering har Helse Vest tildelt innovasjonsmidlar til å utvikle eit ekstra verktøy for å gjere disse algoritmane tilgjengelege for helsepersonell. Innovasjonsprosjektet er leia av Westbye, og  fagmiljø frå heile Helse Vest deltek i utviklinga.

Cecilie Merethe Øvrebotten er sjukepleier med bakgrunn frå blant anna ambulansetenesta. Over tid har ho utvikla ei spesiell interesse for å forbetre smertebehandling,  og skreiv masteroppgåve om smertebehandling av barn i ambulansetenesta.

I sitt Ph.d.-prosjekt forskar Øvrebotten på korleis helsepersonell opplever smertebehandling etter operasjon, kva utfordringar dei møter i dette arbeidet og kva som skal til for å lykkast med å implementere eit verktøy som kan hjelpe dei med å vurdere kva pasientar som har høg risiko for både akutte og kroniske smerter etter operasjon. Forskinga hennar er kvalitativ og fokuserer på både helsepersonells og pasientars erfaringar og behov knytt til smertebehandling etter operasjon.

I tillegg til forskingsprosjektet og innovasjonsprosjektet er  det starta eit oppstartsselskap, Pace Healthcare, for å utvikle ei teknologisk løysning som kan hjelpe pasientar til å bli meir involvert i sin eiga smertebehandling. Selskapet har utvikla Painpad, som er ei innovativ teknologisk løysning som gir pasientar kontroll over smerterapportering slik at dei aktivt kan bidra til eiga behandling. Dette styrker pasienten si medverknad i behandlinga, samtidig som det avlastar helsepersonell og sikrar kontinuerleg dokumentasjon av smertene pasientane har.

Nøkkelinformasjon:

Hovuddeltakarar: Hans Jacob Westbye, Cecilie Merethe Øvrebotten, Christian Moltu, Lars Jørgen Rygh

Finansiering: Helse Førde HF, Helse Vest RHF

Prosjektperiode: 2021-2027

Samarbeidande institusjonar: Helse Førde HF, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Pace Healthcare, Norse Feedback

Cristin: Kartlegging av risiko for smerte etter operasjon, The perioperative pain trajectory: a qualitative exploration of stakeholders’ experiences and perspectives as feasibility basis for a predictive patient-reported outcome measures system aiming to prevent chronic postsurgical pain (MAPIP-FEAS)